Stolpejakt: Eva Marie Lyngestad ved ein grøn stolpe ved kommunehuset i Åmot. Stolpane er plasserte både i tettbebygde strøk og ute i ville naturen. – I fjor var det 70 stolpar og det er moro å sjå at eg sankar poeng etter kvart som eg registrerer stolpane eg har funne, fortel 12-åringen.

Eva Marie (12) tok alle 60 stolpane på tre dagar: – Eg såg ikkje føre meg at eg skulle bli så hekta

Eva Marie Lyngestad (12) frå Vinje byrja stolpejakta dagen etter at skulen tok ferie. Ho var ute i all slags vêr i tre dagar på rad.

– Stolpejakta er ein veldig fin start på ferien synest eg. Eg kjem til plassar eg aldri har vore før, seier 12-åringen til VTB.

I Stolpejakta er stolpar plasserte ut på ulike plassar i kommunen. Dei er merka av på eit kart ein kan laste ned på mobilen. Så går ein dit stolpen er og registrerer at ein har vore der via ein app. Dei med flest registrerte stolpar blir med i trekninga av ein premie. Med seg på leitinga etter stolpar har Eva Marie hatt med seg mora, Grete Øien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein veldig fin ting å gjera saman for mor og dotter. Nokre av stolpane har vore langt inne ved Songa og på Haukeliseter. I Rauland har me også vore, så det har vorte mange timar på tur i heile kommunen, seier Øien.

Dårleg vêr

Turane har til tider vore utfordrande – med vind, regn og til og med snøvêr. Men Eva Marie er ei aktiv jente med godt humør. Turane har stort sett gått bra, men nokre utfordringar har det vore opp gjennom dei tre åra dei har jakta stolpar.

– Eg synest det har gått bra, men sliten har eg vore mange gonger. Men med ein liten pause og litt mat så har eg fått gnisten tilbake, og me har halde fram jakta med nye krefter, fortel Eva Marie.

– Ein gong var me langt inne på Songa og kom ut for uvêr. Det tok to timar før me fann stolpen og telefonen gjekk tom for straum. Så den turen gløymer me ikkje med det fyrste, seier Øien.

Trivst på tur: Mor og dotter har funne tonen på turane og trivast i kvarandres selskap.

Konkurranseinstinktet slår inn

Stolpane er delte i ulike fargar, alt etter kor vanskelege dei er å finne. Dei grøne er lettast å finne, svart er vanskelegast, og dei raude må ein på ein lengre tur for å finne. Dei grøne stolpane er stort sett på same plass kvart år, medan dei svarte blir plasserte på ulike stader kvart år.

– Eg såg ikkje føre meg at eg skulle bli så hekta då eg byrja med det, og tenkte at eg berre skulle ta nokre stolpar. Men eg kom raskt inn i ei boble. Det er i utgangspunktet ikkje om å gjera å bli fyrst ferdig med dei 60 stolpane, men eg merkar at eg har eit konkurranseinstinkt som slår inn, fortel Eva Marie med eit lurt smil.

Samarbeidet mellom mor og dotter har vore bra, men navigeringa har slått feil av og til. Så litt leiting for å finne postane har det blitt. Båe likar godt å vere på tur og timane har gått fort. Spenninga med å nærme seg målet, å navigere etter kartet og å nå målet likar dei veldig godt båe to.

– Men ein ting har eg å utsette på mor, og det er at ho vel snarvegar mange gonger som ikkje løner seg. Elles har eg den beste kjensla når eg sit i bilen på veg heim etter ein lang tur og har nådd målet, seier Eva Marie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Speidar: Eva og Charlie speidar etter stolpar på Hovdestøylsnuten i 2022.
All slags vêr: Stolpejakt i snødrev bak Skredunuten i Songa i 2022.
På fjellet: På Solbjørgfjellet i Øyfjell. Siste stolpe i 2021.