Eld-forbodet er oppheva

Brannsjef Torbjørn Lia informerer om at den mellombels føresegna mot bruk av eld er oppheva.

Dette gjeld frå fredag klokka 16. Forbodet, som blei innført i midten av juni på grunn av tørr vegetasjon og lite nedbør, har vore gjeldande i alle dei seks kommunane i Vest-Telemark.

Lia seier bakgrunnen for avgjerda er nedbør som har kome. Han gjer merksam på at forbodet kan bli innført att på kort varsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eit generelt forbod i Noreg mot å brenne bål i skog og mark mellom 15. april og 15. september.