Meiner me må drive kunnskapsbasert forvaltning: – Kortsiktig økonomisk vekst fører oss lenger og lenger bort frå målet, seier Torfinn Sanden.

Torfinn meiner skogbruket må ta både klima- og naturkrisa på alvor

Skogen gjev oss tømmer, bind karbon og er levestad for mange artar. Korleis kan me best forvalte framtidsskogen? Torfinn Sanden meiner det er behov for eit nytt skogbruk.

– Me må bruke den kunnskapen me har i dag, seier Torfinn Sanden.

Han er skogeigar og leiar av Naturvernforbundet i Vest-Telemark. Og han meiner det er behov for å tenke nytt om korleis me forvaltar skogen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirsjikta skog gir større artsmangfald

Sanden viser oss rundt i ein fleirsjikta skog. Her er det både store og små tre, og stubbar som viser at det har vore hogst. Fleire gamle tre har blitt ståande og liggande.

– Det er utruleg mykje liv i dei døde trea — småkryp, biller og larver, fortel han.

Og det meiner leiaren i naturvernforbundet er viktig. Artsmangfaldet blir større i ein fleirsjikta skog.

At det er ulike treslag i skogen, gjer også at den er betre rusta mot sjukdommar.

Artsmangfald: Store, gamle tre og død ved er svært viktig livsmiljø for det biologiske mangfaldet i skogen.

Ved lukka hogstar blir det hogd mindre flater.

– Då frør dei ulike treslaga seg og du sparer deg for utgift til planting. Og så har du eit kontinuerleg fint område å gå i for menneske, og ein biotop for artsmangfald, forklarer Sanden.

Tidlegare var det vanlegare å drive med plukkhogst. Ein hogg dei eldste trea og lét resten stå igjen. Etter krigen vart bestandsskogbruket meir vanleg. Då høgg ein større flater, og planter nye felt etterpå. Då blir alle trea like gamle, og hogstmodne samstundes.

Klima- og naturutfordringar i Vest-Telemark

Vest-Telemark blad ser nærare på utfordringane regionen står framom, kva løysingar som finst og kva tiltak som blir gjort. Prosjektet er støtta av Fritt Ord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plukkhogst: Ved plukkhogst høgg ein enkelte tre, men lar resten stå igjen.

Tømmeret vil få betre kvalitet

Sanden meiner plukkhogst og mindre lukka hogstar er bra både med tanke på artsmangfald og kvalitet på tømmeret.

– Når treet har ein trong start, så blir årringane tette. Når treet blir hogstmoge, så gir det god kvalitet, seier Sanden.

Fleirsjikta skog: Tre som har ein litt trong start får tettare åringar og betre kvalitet.

Tidlegare jobba han som tømmermålar.

– Då blei tømmeret sortera meir etter kvalitet. Nå er det større fokus på lengde og volum, fortel han.

Sanden meiner ein i større grad må skilje på kvalitet. Spesialtømmer må få ein høgare pris. Og han trur etterspurnaden vil vere aukande.

– Folk har merka at det er forskjell på materiala dei får. Eg håpar at medvitet og kunnskapen er aukande, seier den gamle tømmarmålaren.

Tømmer: Torfinn Sanden meiner ein i større grad bør sortere tømmer etter kvalitet.

La skogen stå lenger

Sanden meiner også at skogen må få stå lenger.

– Skogen er ikkje hogstmogen når den er 70 år. Den bør stå til den er 130 til 150 år – minst. Det er viktig for karbonfangst, forklarer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rannveig Jacobsen, som er skogøkolog og jobbar som forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), meiner også at skogen bør få stå lenger.

Ho fortel at det blir bunde mykje karbon i tre og tømmer, men at det aller meste av karbonet som er lagra i skogen, om lag 80 prosent, er i jorda under bakken. Derfor meiner ho det er viktig å la skogsjorda få vere mest mogleg uforstyrra.

Forskar på skog: Rannveig Jacobsen meiner at me i større grad bør bruke lukka hogstar, og at me bør vurdere å bruke meir lauvskog. – Gran taklar ikkje så godt klimaendringane, seier ho.

Jacobsen meiner også me bør la meir skog stå i fred.

– Det har veldig mange fordelar, som biolog tenker eg først og fremst på alle artane som lever i skogen, seier ho.

Det er særleg naturskogen, den skogen som ikkje har vore flatehogd tidlegare, ho er oppteken av å verne.

Flatehogst fører til karbonutslepp

Jacobsen meiner me skal ha eit skogbruk.

– Men det er mange ulike måtar å drive med skogbruk på, seier ho.

– Om ein flatehøgg og fjernar alle trea vil området bli oppvarma av sollyset, og du stoppar også interaksjonar mellom tre og soppar som lever i skogen. Det skaper utslepp av karbonet som er lagra i jorda, forklarar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du i tillegg forstyrrar jorda, enten bygger eller driv med markberedning, vil det som regel gjere at du får enda større utslepp.

– Nye tre vil begynne å binde karbon igjen, men det vil ta lang tid før ein får kompensert med tapet frå ein flatehogst, seier ho.

Skogforskaren meiner at me i større grad bør bruke lukka hogstar, og at me bør vurdere å bruke meir lauvskog. Nå er det mest gran i Noreg.

– Og grana taklar ikkje så godt klimaendringane, fortel forskaren.

Skogen er meir enn berre tre: 80 % av karbonet som er lagra i skogen er under bakken. Me kan auke karbonlagring i skog ved å auke skogvern, la skogen stå lenger og bruke meir skånsame hogstmetodar, meiner skogforskarane ved NINA.

Å legge om skogbruket vil ha ein kostnad. Jacobsen meiner dette bør bli subsidiert.

– I dag får mange støtte til å lage skogsbilvegar for å hogge i bratte liar. Kanskje denne skogen burde stå og så kunne me heller støtta skogbruket til å legge om næringa, føreslår ho.

Unngå avskoging

Per Skorge er administrerande direktør i Noregs Skogeigarforbund.

– Frå vår side er det viktig å sei at det er stor interesse for å lære om ulike hogstformer. Og den nye miljøsertifiseringa for skogbruk, PEFC -skogstandarden, stiller også krav til auka bruk av lukka hogst, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men å berre satse på ei driftsform trur han blir feil.

– Det er ikkje slik at lukka hogst i alle tilfelle gjev det beste resultatet.

Skorge meiner ein kombinasjon av ulike hogstformer vil vere det beste.

– Og me må ikkje gløyme at me skal produsere framtidas berekraftige materiale.

Han legg vekt på at tre kan erstatte andre fossilbaserte eller energikrevjande byggemateriale, slik som stål og betong. Og at ein ved å bruke meir tre derfor kan kutte klimagassutsleppa.

Skogen er ein nøkkel for å nå klimamåla: I ein fleirsjikta skog støttar trea kvarandre. – Me kallar det sosial stabilitet, seier Per Skorge. Han er administrerande direktør i Noregs Skogeigarforbund, og meiner skogen er ein nøkkel for å nå klimamåla.

Direktøren i skogeigarforbundet meiner skogen er viktig for å nå klimamåla. Og han meiner at me må unngå avskoging.

– Nedbygging av skog bør ein unngå både av omsyn til klima, naturmangfald og framtidig verdiskaping basert på skogen, seier Skorge.

Areal som blir avskoga mistar sin evne til å binde og lagre karbon på permanent basis. Derfor blir avskoging regna som eit utslepp. Å forhindre avskoging er derfor ein viktig del av klimaløysinga, meiner skogeigarforbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tømmereksport: Kvar tredje tømmerstokk som blir hogd i Noreg blir eksportert til utlandet. Skogeigarforbundet meiner meir av tømmeret bør bli foredla i Noreg.

Lange tidshorisontar i skogbruket

Audun Aasmundtveit, landbruksrådgjevar i Nissedal og Kviteseid, fortel om eit regelverk som i større grad tek omsyn til natur og miljø. Og han ser ein ny generasjon med skogeigarar som er meir opptekne av å la skogen stå urørt.

– Dei fleste har i dag hovudinntekta si utanom garden og skogen, og svært få er avhengige av å hogge. Skogen har ein verdi som målast i meir enn pengar, seier han.

Aasmundtveit ser blant anna at det er eit større fokus på skogen som turområde. Særleg i dei områda det bur mykje folk.

Han fortel at alle skogeigedomar på over 50 dekar nå må ha ein miljøplan, der miljøverdiane er kartlagt. Leveområde for sjeldne artar, såkalla nøkkelbiotopar, skal bli registrert. Her er det strengare restriksjonar for å hogge. Han reknar med at det kjem til å bli enda strengare reglar for korleis skogen skal bli skjøtta. Og han trur skogeigarane i større grad ser på alternativ til bestandskogbruket og flatehogsten, blant anna med å leggje opp ti fleire lukka hogstar.

– Eg trur nok det kjem meir og meir av det, seier han.

Eit auka fokus på natur og miljø: Audun Aasmundtveit er landbruksrådgjevar i Nissedal og Kviteseid. Han opplever at det er eit auka fokus på natur og miljø i skognæringa, og ser ein ny generasjon med skogeigarar som er opptekne av varierte hogstformer.

Han er einig med både Sanden og Jacobsen i at fleirsjikta blandingsskog, der ein har tre i ulike aldrar og av ulik slag, er positivt med tanke på artsmangfald.

– Men det er meir utfordrande å få tømmeret fram og hauste av det, seier han.

Og han fortel at det ikkje er alle terreng der denne hogstforma er like eigna, og at det er ei auka risiko for skader på skogen som blir ståande igjen.

– Å ta ut skogen på den måten vil gje høgare driftspris og setje større krav til entreprenørane, men det vil nok ein aukande del av framtidige skogeigarar godta for å unngå for mange store snauflater, seier han.

Ei eventuell omstilling til fleirsjikta skog vil også ta tid.

– Særleg i vårt område med stutt vekstsesong og dårlegare bonitetar enn mange andre stadar. I skogbruket er det snakk om tiår og hundreår i planleggingshorisontar. Skal du gjere om på noko må det skje frå neste omløp, seier Aasmundtveit.

Meir tømmer bør bli foredla i Noreg

Han er einig i at det er eit større tap å hogge skogen for tidleg enn for seint, og at seintvakse tømmer har god kvalitet.

– Dette er nok noko kjøparane i Sverige, Tyskland eller Kina ikkje tenkjer så mykje på, aktiviteten fylgjer ofte etterspurnaden, seier landbruksrådgjevaren.

Meir skog: For hundre år sidan var mykje av skogen i Noreg uthogd. – Det er tre gonger så mykje skog i Noreg i dag enn det var for hundre år sidan, fortel Audun Aasmundtveit.

I dag blir kvar tredje tømmerstokk eksportert. Aasmundtveit meiner det er viktig å oppretthalde norsk treindustri, og skulle ynskje at meir av tømmeret vart foredla i Noreg. Det er også skogeigarforeininga opptekne av. Dei meiner råvareeksport er ei dårleg løysing for verdiskaping og arbeidsplassar, og meiner Noreg bør sette seg eit mål om å foredle tømmervolum tilsvarande årleg hogst.

Miljøstandarden må bli praktisert

Sanden håpar også på fleire lokale sagbruk.

Han er glad for at miljøsertifiseringa i skogbruket vart stramma inn i fjor. Og han er opptatt av at den må bli praktisert.

– Ord må gjerast om til handling, seier naturvernaren.

Han saknar større vilje, både i skognæringa og i lokal forvaltning, til endring.

– Faktakunnskapen ligg der og er klar til bruk, seier han engasjert.

Nytt skogbruk: Torfinn Sanden meiner plukkhogst, blandingsskog og fleiraldrig skog vil sikre artsmangfald og også betre kvalitet på tømmeret.

I alle år har Sanden vore oppteken av naturen, og engasjert seg for naturvern.

– Blir du trøytt av denne kampen?

– Naturlegvis blir eg trøytt. For kamp er det – i eit samfunn som har størst fokus på forbruk og økonomisk vekst. Derfor varmar det når både eldre og yngre tek kontakt for å takke meg for det eg gjer og står for, seier han.

I diskusjonar har han fått høyre at han er mot alt.

– Men det er feil! Eg er berre for noko anna enn dei. Eg seier ja til natur, til artsmangfald, til mindre og meir bevisst forbruk.

– Og eg meiner det er avgjerande at me går over til plukkhogst, blandingsskog og fleiraldrig skog, seier han.