Stort oppmøte på Vikingdagen. – Eg har aldri opplevd at det har vore trafikkork ved bygdetunet
For tredje gong vart Vikingdagen arrangert på Kviteseid Bygdetun. Denne gongen kom det så mange folk at det vart trafikkork på vegen ved bygdetunet.
Dei besøkande som kom innom Kviteseid Bygdetun laurdag fekk verkeleg vere med på ei reise tilbake til vikingtida. Det var aktivitetar for alle aldrar, deriblant tradisjonelle vikingleikar, musikk frå vikingtida, bogeskjoting og runerissing.
Det største høgdepunktet for mange var nok vikingskipet Åsa, som saman med Olavs Menn, tok turen til Kviteseid denne dagen. Det var mogleg å stige om bord i båten, noko både store og små fann særs interessant.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vikingdagen har blitt arrangert tre gonger – ein gong før pandemien, i fjor og i år. I år kom det mange fleire enn i fjor, truleg på grunn av at det skulle komme eit vikingskip, fortel dagleg leiar i Telemarkskanalen Natur og kulturpark, Birgitte Gulla Løken.
– Arrangementet er eit samarbeid mellom Telemarkskanalen Natur og kulturpark og Vest-Telemark museum. I tillegg er Kviteseid kommune, lokalstyret og støttelaget for bygdetunet med å arrangerer, fortel publikumsleiar ved Vest-Telemark Museum, Anne Gundersen.
Gundersen fortel vidare at Kviteseid Bygdetun er ein perfekt stad for eit slikt arrangement, ikkje minst med tanke på at der vikingskipa legg til hamn, nede ved Kauphammar, er ein historisk handelsplass frå vikingtida.
– Det er veldig moro at det er så god respons – det viser at vikinghistorie er noko som fenger, legg Gundersen til.
– Eg måtte sende ei melding til mannen min rundt klokka halv tolv i dag – då var det trafikkork ved Kviteseid Bygdetun og det trur eg ikkje skjer kvar dag her. Me blir litt rørte, fortsett Løken.
Begge to håpar på å kunne halde fram med å arrangere vikingdagen ved Kviteseid Bygdetun.