Tove, Ivar og «Perle-Hønå» er klare for nok ein festival
Tysdag ettermiddag titta ei etterlengta sol fram medan campingbil på campingvogn på campingbuss trilla inn gjennom portane til Dyrskuplassen, og Seljordfestivalen 2023.
Festivalsommaren er i gang og vêrmeldingane ser gode ut for Seljordfestivalen som startar i dag onsdag.
Fast tradisjon
Ivar Bø og Tove Erga frå Bryne i Rogaland har vore på Seljordfestivalen i 20 år. Bussen deira «Perle-Hønå» er er frå 1971.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det beste med Seljordfestivalen er å hygge seg med gode venner, seier Erga.
Dei er vanlegvis ein stor gjeng med 20 bilar som reiser saman, men i år er dei «berre» 8.
Mange på jobb
Det er bra med vektarar og dirigentar for å hjelpe alle bilar og vogner på plass. Vaktleiar og administrerande direktør for Dyrsku'n, Geir Helge Espedalen, er klar for ei festivalhelg i det som ser ut til å bli perfekt vêr.
– Så langt har me god kontroll. Det er viktig for oss at innsjekkinga går så lett som mogeleg.
Meir enn musikk
– Me gler oss til å ta imot tusenvis av gjester på Dyrskuplassen, skriv festivalsjef Yvonne Eilefstjønn i ei pressemelding.
Artistar som Heine Totland, Lasse Stefanz, Ole Ivars, Lars Kristerz, Rune Rudberg, Anne Nørdsti står på scena i Seljord denne veka.
I tillegg til eit stort musikkprogram blir det aktivitetar som fjelltur, zumba, meisterskap i stikkakasting, dansekurs og tur på Telemarkskanalen, informerer EIlevstjønn.