Politisk organisering som før
Ein politikar frå kvart av dei fem partia i Nissedal har evaluert den politiske organiseringa i kommunen. Blant moment utvalet vurderte var oppretting av planutval, eitt eller fleire fagutval, arbeidsmengda til formannskapet og utvalet si rolle i næringsarbeidet, og talet på kommunestyrerepresentantar og kommunestyremøte.
Kommunestyret har gjeve utvalet full oppslutting om tilrådinga i saka. Ein opprettheld dagens utvalsstruktur. Byggje- og prosjekteringsnemnda vert lagt ned slik ho er i dag, men blir oppretthalde som politisk utval lagt til formannskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre vedtak er at ein skal bli flinkare til å koordinere felles gruppemøte med administrasjonen i saker som til dømes budsjett og store plansaker. Vidare må administrasjonen bli meir kritisk i vedlegg knytt til saksutgreiingar.