Truser i do

Om lag 50 abonnentar i Sørbygda i Fyresdal sentrum er siste året kopla til kommunen sitt kloakknett. Kloakken blir sendt til reinseanlegget ved hjelp av tre pumpestasjonar og leidning i Fyresvatn.

Dessverre har kommunen registrert ein del problem med at abonnentar har spylt ned ting som ikkje har noko i avløpet å gjere, mellom anna truser, vaskeklutar og sanitetsartiklar. Det skapar ein del problem og fører til at pumpene må takast opp for reingjering.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Desse artiklane er avfall. Ein må derfor be om at slike artiklar ikkje blir spylt i do», oppmodar avdelinga for plan og teknikk i sist kommuneinformasjon.