Vann klassa si: Torjus Tveiten Golid frå Seljord IL best i skiskyttarklassa for 15-16-åringar på Blinkfestivalen i Sandnes

Klassesiger til Torjus på Blinkfestivalen

Laurdag blei Torjus Tveiten Golid frå Seljord IL best i skiskyttarklassa for 15-16-åringar på Blinkfestivalen i Sandnes.

Skigruppa til Seljord IL melder på Facebook at Torjus tok klassesigeren i finalen for skiskyting laurdag. Fredag kom han på 5.-plass i prologen, og starta midt i feltet laurdag. Dei blei nokre bom på fyrste skyting, men han hang med feltet inn til andre skyting.

– Der blei det fire treff, og han blei fyrstemann ut på siste runde. Den plassen beheldt han heilt til mål, melder idrettslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sju frå Seljord

Fleire utøvarar frå Seljord IL har tevla på Blinkfestivalen. Torsdag var utøvarane mellom anna med på styrkeprøva Lysebotn opp dei svingete, bratte bakkane. Maja Noraberg j11 (1 km), Mikkel Groven-Robertsen g12 (2 km), Synne Tveiten Golid j13 (2 km) og Markus Noraberg g16 (2 km) leverte alle gode tider trass i at det var eit varmt og hardt løp i solsteika.

Laurdag var alle dei sju løparane frå Seljord i elden, då også Eline Noraberg og Thomas Nordbø deltok på prologar i Sandnes sentrum.

Lysebotn opp: Løparane på veg opp dei bratte bakkane. (Foto frå Seljord IL skigruppe)
Blinkfestivalen

Blinkfestivalen er ein festival som har blitt arrangert i Sandnes sidan 2006. Det er konkurransar i skiskyting og langrenn som går på rulleski der verdselita i begge greiner deltek.

På same tid blir det også konkurrert i aldersbestemte klasser. I 2008 hadde festivalen 40 000 tilskodarar.

Det er Axelar, Norges Skiforbund, Norges Skiskytterforbund, og Sandnes kommune som arrangerer festivalen.

Kjelde: www.blinkfestivalen.no