Frå torsdag av kan du førehandsstemme
Frå 10. august er det mogleg å stemme på parti til fylkes- og kommuneval. Stadig fleire ser ut til å nytte seg av moglegheita til å førehandsstemme.
Frå og med torsdag kan du førehandsstemme i den kommunen du er folkeregistrert i. Vallokal på kommunehus kjem til å halde moglegheita open fram til 8. september.
Den ordinære valdagen er måndag 11. september.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire brukar denne perioden i forkant av valet til å stemma enn før. Tal frå SSB viser at så mykje som 51 prosent av stemmene ved kommunevalet i 2019 var førehandsstemmer. I 2015 låg dette talet på 32,2 prosent og på 28,6 prosent i 2011.
I SSB si måling i 1979 var det berre 7,8 prosent som førehandsstemde.
Yngre og eldre var ivrigast ved førre lokalval
Ved førre kommunestyre- og fylkestingsval i 2019 var det ein betydeleg større del yngre veljarar som gav si stemme. Ifølgje tal frå SSB var det ei stor auke i veljarar under 30 år, og gruppa hadde den største auken i valdeltaking.
Det var òg ein auke i fyrstegongsveljarar. I gruppa med veljarar i aldersgruppa 18–21 gjekk valdeltakinga frå 43 prosent til 53 prosent.
Hjå andre grupper hadde ein òg høgare oppslutnad. Samanlikna med norske statsborgarar, er valdeltakinga lågare blant utanlandske statsborgarar. Men både blant menn frå austeuropeiske EØS-land, og blant kvinner med afrikansk, asiatisk eller amerikansk bakgrunn, auka oppslutnaden høvesvis 2 og 6 prosent. Det er likevel ingen som stemmer meir enn dei som er over pensjonsalder. 79 prosent av 70-åringar stemde ved lokalvalet i 2017.
SSB har markert seg ein stemmetrend. Mange stemmer når dei fyller 18 år, men så dabbar det litt av i 20-åra. Deretter stig trenden sakte, men sikkert opp mot 70-åra, før han fell ved passerte 80 år.
Tilpassa val
Mange har fått varsel om at dei no har fått valkortet sitt. Men ein treng ikkje å ha det med når ein skal førehandsstemma. Legitimasjon derimot, må ein ha med.
Ein kan òg søka til kommunen om å få stemma heimanfrå. Valmedarbeidarar vil kunna svara på eventuelle spørsmål. Dessutan kan dei som bur ved helse- og omsorgssenter få gje frå seg stemma si der.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så mange førehandsrøysta i 2019
Rogaland: 19,23 prosent
Møre og Romsdal: 18,44 prosent
Viken: 18,93 prosent
Vestfold og Telemark: 15,43 prosent
Vestland: 24,25 prosent
(©NPK)