Viser historiske motiv frå kanalen
Fredag 11. august opna ei ny utstilling i Galleri Samvirke Vrådal fredag.
Vrådal- og Fyresdal målarklubb melder at utstillinga vil stå ut september.
– Me viser måleri av Birger Bergland, som målar naturalistiske og historiske motiv frå Telemarkskanalen. Det blir også sal av boka «Segn og soger og gode historier frå Vrådal» og høve til å sjå illustrasjonar frå boka i tillegg til andre måleri frå medlemmene, melder klubben.