Fargela Kviteseid. Sjå bilete og video frå Bygdepriden
Regnvêret stoppa ikkje folk frå å møte opp då det for fyrste gong vart arrangert Bygdepride i Kviteseid.
Paraden gjekk frå samfunnshuset til Bryggeparken, der initiativtakar Arvid Tommy Juvskås heldt ein appell.
– Velkomen til ein dag der me skal vise at Kviteseid er ein stad for alle, uansett hudfarge, religion eller seksualitet, sa han til dei frammøtte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Juvskås fortalde at han hadde fått fleire meldingar frå folk i Kviteseid som er skeive, men ikkje tør å stå fram av frykt for at lokalsamfunnet ikkje skal akseptere dei.
– Derfor arrangerer eg Pride, sa han.
Margaret Ann Waddicor las dikt ho hadde skrive for dette høvet.
– Tommy har adoptert meg som mormor, fortalde den fargerike 83-åringen.
Juvskås var i forkant spent på kor menge som ville kome. Han hadde fått besøk av fleire støttespelarar frå andre stader, og var glad for at mange lokale også kom på arrangementet.
– Eg er veldig fornøgd, sa han då det heile var over.