Bakettebræv
Eg som ikkji æ’ på nett, må bruke lokalavisa te å koma ut mæ’ meg. Site no bærre hera heime å tænkjer å trur å meinar om mangt.
Ein dag me rødde politikk å kommunevalg, sa kjeringje te meg: «De’æ’ din ture no, Hadvår.» «Hæ?» sae eg. «De’ æ’ din ture no, Hadvår,» tok ho uppatte. «Du kan’kji bærre sitje dera å hava meining, du må stille te’ valg!»
Artikkelen held fram under annonsen.
«De’ æ’ væl bakette de’ no,» drog eg på de’. «Nettupp! Der heve du de’! Tenk fy ei fængjande iviskrift i Vesleblai: «BAKKETTE PÅ VALG!» Ho blonka te’ meg å snudde ront på hælen. Eg kjænde eg fekk ein gniste å blei sitjande å tænkje store tankar.
Ette’ å ha seti kurende stidde i fjørten dagar, kåm eg te’ at ein kansjki sille stille liste te’ kommunevalji i Vinje. Rødde frampå mæ’ grannen min, Taral Fyri, som bur litt længer framme.
«Du Taral,» sae eg. «Hòss gjere ein fy å stande på liste te’ kommunevali te’ hausten?» Taral såg rart på meg. «Heve du tænkt å bli politiker du au no då, Hadvår?» Han glyrde litt mæ augp som om’n prøva å sjå de’ fy seg. «Ja, ein kan væl ‘kji bærre hava ei meining om alt helle. Kjeringje meinar eg må gjera nòkò au.»
Taral slængde hårluggjen som ikkji æ’ der længer, bakivi. Han sette seg rett ne’ på ein fiskrakke å bjønda å tænkje. Slik sat’n ændå då eg måtte heimatte å sjone.
Grytileg neste morgo kom Taral inn te meg i ein fælande fart. Rektig i fikten va’n. «Hadvår, Hadvår, eg hev’ tænkt! Du hev’ rett, ein må gjera nòkò. Taka ansvar!» Taral blei strake i ryggjen av dei or’e. «Me må stille liste, de’æ’ de’ dei gjere når dei vi’ vera mæ’ å styre.»
Eg såg på den politisk uppvekte grannen som hae fængji raue rosur i kjakane og jos i glytten. Kjænde moti steig og iveren piple. «Me må hava liste, navn å program,» slo eg fast. Taral blonka å tok inn dei håndfaste fakta.
De’ blei ei tagale pause. Skapande kreftir husera i hugjen. «Men Hadvår, me æ’ bærre to, de’ bli’ væl hòste stutte liste?» sa Taral om litt. Då sae eg de’ eg at me bærre konne kommulere kòn, sò bli’ me veldig fort mange fleire. Taral nikka. Me kjænde væl båe at me hae ei innebygde evne te’ å vera snartenkte politikarar.
«Mæn navn då?» Taral va’ fort fyri meg på neste sak. Båe bjønda å tyggje på laglege navn. «Me to kjæme te’ å gjera politikkjen radigare,» sae eg om litt. «ME TO!» ropa Taral mæ’ tommen i veri. «Der hev’me navni!» Eg skjønna det lynraskt, å navni blei samrøystes vedtekji på flekkjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
«ME TO fær te’ raske ve’tak fyri are fær tænkt,» sa Taral. «Der sa du iviskrifte på programmi kòss,» svara eg då. Taral smilde breitt å linka seg på tili. «Mæn me må væl hava nòkò mei me må fræmje?» sa hin. Nye pause. Nye tankerekkjur fòrma seg i dei lokalpolitiske hòvue kòss då.
Her æ’ de’ som me kåm på å som me skreiv ne’ på programkladden:
!: Adde skò hava de’ bra. Nòkòn skò hava de’ bæri.
2: Ingjen ting skò kòste nòkò. Dei som heve papirpæning, må betale skatt. Samlarane teke seg av småpæningane.
3: Ja, te’ hòggestabbar. Nei, te jakt på syndebukkar.
4: Ja, te passa varme somrar. Nei, te’ fòr mykji regn.
5: Stuttare vetrar å minder snore på utsette tak.
6: Mei’ goe ti’ te’ dei som stressar.
Artikkelen held fram under annonsen.
7: Mei’ fastbuande turistar. Mei’ faste fastlægar.
8: Ja, te’ fri eksos. Nei, te’ spærregrænse.
9: Pure dialekt i adde skriv.
10: Mei’ leik å moro i adde krikar å krokar.
Me bruka nòkle timar på inn- å utvendingar te’ å få te’ eit gòtt å tenleg program. Kjeringje som kom heim frå bertur, kjikka innom. Ho skjønna nòk fort at her va’ de’ politikk å viktige ting på gang som ho ikkji hae peiling på.
Mæ’ program å liste i ein Sparpòsi, tok me vegjen fatt ne’ te kommunehusi: To snarteænkte, vakne karar, ranke av ansvar å mæ målretta stig. Taral Fyri å Hadvår Bakette.
De’ bli’ eit spænnande valg i Vinje i år. Stæm rett! Stæm på «Me to»!
Hadvår Bakette
Artikkelen held fram under annonsen.