Hurra for sykkelveg!
På «kom deg ut»-dagen reiste Rjupa 4H på ein sykkeltur som starta langs den nye sykkelvegen i Øyfjell. Samstundes nytta me høvet til å gje vegen ei offisiell opning.
Frå grendehuset og ned mot bui har det vore litt sykkelveg og litt sti tidlegare også. Deretter har det berre vore bilveg. Dermed stoppa heile sykkelgjengen opp ved bui for å ha ein liten opningsseremoni der den heilt nye delen av sykkelvegen startar.
Der var det fram med sløyfeband og saks. To av dei yngste medlemene i klubben heldt bandet tvers over vegen, og klubbleiar Endre Bjerk Breiseth klipte snora. Så susa 22 syklar mot Lidvegen og dagens turmål: fisking i Lidtjønni.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me er så takksame og glade for at denne gang- og sykkelvegen har kome på plass!
Tekst og bilete: Rjupa 4H