«Del opp» røystesetelen din
Har du eit lite auge til eit anna parti enn det du har tenkt å stemme på? Då kan du faktisk gi ei «kvart stemme» til dei. Her er alt du treng å vite før du går til vallokalet.
I motsetning til fylkestingvalet og stortingsvalet, så tel ikkje kvar stemme som berre éi stemme i kommunestyrevalet. Din røystesetel består nemleg av 25 listestemmer om du bur i Vinje. Og du kan «dele dei ut» til fleire parti. Me skal prøve å forklare på enkelt mogeleg vis:
Listestemmer
Det er mengda kommunestyrerepresentantar som avgjer kor mange stemmer valsetelen din vil gi. Dette blir kalla for listestemmer. Det skal veljast inn 25 representantar i kommunestyret i Vinje, og derfor er verdien på din røystesetel lik 25 listestemmer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein slengjar er eit namn frå eit anna parti, som du noterer på røystesetelen din. I stortingsval har ikkje slengjarar noko å seie for mandatfordelinga, berre kva kandidatar som skal representere kvart parti. Men i kommunevalet er dette annleis. Med stor mobilisering kan faktisk slengjarar ha verdi for mandatfordelinga.
Seljord, Kviteseid og Tokke har 21 kommunestyrerepresentantar, mens Nissedal og Fyresdal har 17.
Ei kvart stemme?
Du kan ikkje berre pøse på med slengjarar. Reglene seier at du kan gi slengjarar tilsvarande maksimum 25 prosent av mengda kommunestyrerepresentantar. Men likevel minst fem stykke. Det betyr at dei som skal stemme i Vinje kan gi inntil seks slengjare frå andre parti. I resten av Vest-Telemark kan du påføre fem slengjare på setelen din.
Merk at ein slengjar då vil gå på kostnad av det opphavlege partiet ditt. Om du fører på seks slengjarar på setelen din i Vinje, så får partiet ditt 19 av dine 25 listestemmer. Partia som dine slengjarane tilhøyrar får dei andre listestemmene dine.
I praksis kan du dermed gi ein kvart stemme til eit anna parti, ved å gi seks slengjarar frå eit anna parti til setelen din.
Kumulering
Du kan kumulere så mykje du orkar. Dette handlar om å setje kryss i ruta føre namna på røystesetelen din. Dette kan ha aktualitet for kva personar frå desse partia som blir valde inn i kommunestyret.
Frå før har partia sjølv valt ut førehandskumulerte personar. Dette for å prøve å påverke kven som blir vald inn. Det er dei som står med feit skrift. Alle desse vil få eit stemmetillegg på 25 prosent av mengda stemmer. Dersom eit parti får 100 stemmer, så får dei førehandskumulerte altså 25 ekstra personstemmer kvar.
Det er ikkje lov til å stryke namn. Men ein kan for eksempel kumulere alle unnateke éin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mandatfordeling
Høyrt om St. Laguës modifiserte metode? Det er formelen som avgjer kor mange mandat kvart parti får. I eit kommuneval blir listestemmer talde (som forklarde ovanfor) opp. Til slutt sit partia med kvart sittstemmetal. Då kan utrekninga starte:
Fyrst blirstemmetalet delt på 1,4. Det partiet som då får høgaste verdi vil få fyrste mandat. Dette partiet må då i kampen om neste mandat konkurrere medstemmetallet sitt delt på tre (mens dei andre framleis brukerstemmetalet sitt delt på 1,4 i kampen om dette andre mandatet). Det betyr sjølvsagt at same partiet kan stikke av med andre mandatet og, men må då i neste runde delestemmetalet på fem (og så vidare med 7, 9, 11 osv.). Med ein gong eit parti har fått eit mandat, så skal altsåstemmetallet delast på eit nytt høgare tal i neste runde. Når fordelinga er unnagjort, så er kommunestyret klart.
Då startar ein på kandidatkåringa i kvart parti, for å finne ut kva personar som skal sitje for kvart parti. Det blir avgjort som nemnt av førehandskumulering, veljarane si kumulering og slengjare.