Gunnar Ruud er svært overraska over utspelet til Kviteseid-ordføraren. Ruud påpeikar at samarbeidet med Nissedal er spikra, dermed basta.
Gunnar Ruud er svært overraska over utspelet til Kviteseid-ordføraren. Ruud påpeikar at samarbeidet med Nissedal er spikra, dermed basta.

Trur Nissedal aksepterer ein blunder

Gunnar Ruud (H), tidlegare varaordførar i Kviteseid, avviser at det er aktuelt å vurdere samarbeidet med Nissedal. Han trur Nissedal kjem til å akseptere blunderen han meiner Kviteseid-ordføraren står bak.

Gunnar Ruud fekk nesten sjokk då han laurdag las i VTB om Kviteseid-ordførar Torstein Tveito (Sp) som ikkje vil garantere at samarbeidsplanane mellom Kviteseid og Nissedal blir sett ut i livet frå 1. januar. Ruud har vore svært delaktig i planlegginga av samarbeidet som er på gang innan landbruk, teknisk og løn og skatt. Han var også med då formannskapet i Kviteseid byrja arbeidet med å snu på alle steinar for å finne nedskjering på 8,5 millionar kroner i budsjettet for neste år.

– Samarbeidet med Nissedal var bare eitt av mange punkt der ein skal prøve å finne innsparingspotensiale. Men det var aldri på tale å sjå på saka på ny. Vedtaket om samarbeid er gjort for lengst. Diskusjonen ordførar Tveito har starta blei avslutta i fjor. Eg er mildt sagt overraska over utspelet, som er frykteleg uheldig, seier Ruud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppgjer i dag

Han minner om at personar alt er tilsette i samarbeidsjobbane og avtaler er ordna.

– Me er ferdig med diskusjonen om samarbeidet. Ein må rekne med eit oppgjer i formannskapet i Kviteseid i dag, og eg kjem til å avvise saka om å sjå på samarbeidet att, seier Ruud. Han er heller oppeteken av å sjå om samarbeidet med Nissedal kan gje endå meir innsparing. Og pengar å spare på samarbeid meiner han det blir alt frå fyrste stund.

– Eg er heilt sikker på at det er innsparing i å samarbeide med Nissedal frå nyttår, og det var ein viktig grunn til at vedtaket kom. Eg trur Nissedal aksepterer at det har skjedd ein blunder av ordførar Tveito, når dei finn ut at me står på samarbeidet. Ingenting tilseier at formannskapet ikkje står fast på det tidlegare vedtaket i kommunestyret, seier Ruud.

Han opplyser at formannskapet tidlegare i haust fekk ei grundig orientering av rådmannen om korleis samarbeidet mellom dei to kommunane skal setjast ut i livet frå nyttår. Sjølv om den nye ordføraren ikkje var med på møtet, er Ruud forundra over at det kan bli kasta ut innspel han ikkje kjenner at då det nye formannskapet nemnde saka på siste møtet. Høgre i Kviteseid etterlyste i det møtet den endelege innsparingssummen på samarbeidet, sidan ingen politikar har sett dette talet.

– Har aldri sett tala

– Det er ingen som veit kor mykje me sparar på samarbeidet. Me veit heller ikkje korleis kostnadene av samarbeidet skal fordelast mellom dei to kommunane. Denne utrekninga skulle rådmannen ha gjort i vår, men det skjedde ikkje, og sidan det har me hatt fleire rådmenn og ingen har rekna på dette, seier Jonn Foldøy.

Gunnar Ruud seier at i mars blei det gjort eit vedtak i kommunestyret i Kviteseid at rådmannen skulle rekne på økonomien i samarbeidet for så å leggje tala fram for formannskapet og kommunestyret så snart som råd.

– Men noko tal har me aldri sett og no hastar det, seier Ruud, og synest det er vel seint å byrje å rekne på samarbeidet no.

Ruud fortel at det i vår frå administrasjonens side blei nevnt at Kviteseid vil spare inn 1,5 millionar på sikt, men korkje Ruud eller Foldøy veit kor mange år "på sikt" betyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest me skal i gang med samarbeidet. Men dersom me ser at Kviteseid ikkje sparar noko eller tenestetilbodet for innbyggjarane blir dårligare må me heller trekkje oss ut, seier Foldøy.