Treng eit lyft: Stålekleivloftet er meir enn 850 år gamalt. Det merkast og restaurering er er naudsynt. Prislappen på heile prosjektet er 6,5 millionar kroner.

Vil gje ein halv million til restaurering av loftet frå 1167

Stålekleivloftet står på Vest-Telemark museum i Eidsborg, og er Europas eldste, profane trebygg. Nå er det trong for å restaurere loftet, og kommunedirektøren meiner Tokke bør løyve 525 000 til prosjektet.

Stålekleivloftet er frå 1167, og er dermed over 850 år gamalt. I lang tid har det vore trong for vedlikehald, og Vest-Telemark museum (VTM) meiner at truleg har bygget forfalle meir dei siste 150 åra enn dei 700 føregåande. Forfallet verkar også å vere akselerande.

Fagfolk har gjort ei grundig vurdering av kva som må gjerast med Stålekleivloftet, og dei har konkludert med at den beste løysinga er å reetablere svalgangen på loftet. Denne løysinga vil og vera nærare 100 prosent reversibel.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTM legg opp til ein prosess som på ein grundig og god måte vil ivareta byggets kjeldeverdi, bidrar til dokumentasjon, kunnskapsutvikling og forsking. Planen er også å arrangere kurs og seminar i samband med restaureringsarbeidet.

Prislappen på heile prosjektet er 6 570 000 kroner, og VTM søker Tokke kommune om eit tilskot på 1,5 millionar. Kommunedirektøren tilrår politikarane å løyve 525 000 kroner. Kommunestyret skal handsame saka torsdag 21. september.

Frå før har dei fått 1,3 millionar frå Riksantikvaren, 1,5 millionar frå Sparebankstiftinga DNB, og har i tillegg finansiering på 1 million frå VTM.