Byggverksemder opnar nytt kontor i bygda: – Eit knutepunkt for satsinga i Vest-Telemark
Mesterhytta Byggpartnere AS og Saltdalshytta Byggpartnere AS etablerer kontor i Treungen.
– Byggpartnere Gruppen har i fleire år ynskt å finne eigna lokale og etablere oss med kontor i Treungen. Plasseringa i Treungen og Nissedal kommune som knutepunkt for vår satsing innan fritidsbustadsmarknaden i vestre Telemark vil knyte oss nærare kundene me arbeider for, fortel leiar i selskapet, John Peder Johnsen.
Johnsen opplyser vidare om at det nye kontoret også vil betene satsingane til verksemda i Orreleiksåsen hyttefelt i Vrådal og Felehovet hyttefelt på Gautefall. I tillegg tek verksemda på seg «alle typar byggmeister oppdrag, smått som stort», og tilbyr også eigedomsutvikling.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har lang erfaring som gruppe med renovering, tilbygg og påbygg av bustader og hytter, seier Johnsen.
– Verksemda har i tre tiår arbeidd med rammeavtaler for forsikringsselskap med skadeutbetring, og som verksemd ser me føre oss at etableringa på sikt også vil involvere denne satsinga, held han fram.
Dagleg leiar for begge Byggpartnere-verksemdene er byggmeister Trond Sandberg, som «har fleire tiårs erfaring frå faget». Mesterhytta Byggpartnere har i dag seks faste tilsette.