Fiskarlaget vil ha gratis plastlevering
NPK: Fiskarlaget meiner det må bli gratis å levere eigarlaust maritimt avfall i hamner langs heile kysten.
– Oppryddinga er eit felles ansvar, seier leiaren i Fiskarlaget, Kjell Ingebrigtsen, til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei siste to åra har fiskarar kunna levere inn avfall dei finn i sjøen, gratis gjennom prøveprosjektet Fishing for Litter. Under prøveprosjektet har fiskarar kunna levere avfall i åtte norske hamnar; Tromsø, Ålesund, Egersund, Karmøy, Båtsfjord, Hvaler, Austevoll og Måløy.