Vi treng å høyre til. Lag plass!
Verdsdagen for psykisk helse er 10. oktober, men i Noreg finn det gjerne stad markeringar i perioden 20. september til 20. oktober.
I 2023 er temaet «Vi treng å høyre til. Lag plass!»
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei siste åra har det vore litt debatt om dei norske temaa for Verdsdagen for psykisk helse. Eit poeng som har vore trekt fram, er at temaa er ganske like frå år til år og ganske tannlause samanlikna med det internasjonale temaet.
Årets internasjonale tema, slik eg finn det på ei engelsk nettside, er, omsett til norsk: «Mental Helse er ein universell menneskerett».
Jau då, ein kan vere samd i at den engelske varianten inneheld fleire moglege krav.
Det passar for så vidt godt saman med dei vinklingane eg har hatt når eg har halde foredrag i samband med verdsdagen i Vest-Telemark dei tre siste åra. Eg har mellom anna trekt fram fysisk funksjonshemma som ei gruppe som har kome mykje lengre enn oss med psykososiale funksjonsnedsetjingar når det gjeld å stille krav til universell utforming, tilgjengelegheit, likestilling, tilrettelegging, assistanse, og så vidare.
Samstundes er det jo slik at den andre delen av det norske temaet i år: «Lag plass!», i alle fall om vi set eit utropsteikn bak, står fram som eit klart krav til fleirtalet, til dei som sit med makta, til dei kulaste i vennegjengen i friminuttet på skulen, eller til dei som alltid snakkar høgast, oftast og mest skråsikkert i lunsjen på jobben.
Folk med psykososiale utfordringar og funksjonsnedsetjingar har alt for lenge stått med lua i handa og funne seg i at det same samfunnet som har påført dei skade og skam, også meiner at det er den enkelte funksjonshemma som sjølv må endre seg og prøve å finne seg ein plass i dei eksisterande strukturane.
Det er derfor flott viss vi no omsider kan rope ut, som eit krav: Lag plass, til oss òg!
På nettsidene til Verdsdagen finn vi kvart år ei utdjuping av årets tema. Her er nokre smakebitar:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Å omgi seg med menneske som toler kjenslene våre, verkar vernande mot langvarig stress og angst. Ein av fem i Noreg opplever diskriminering på bakgrunn av sjukdom, kjønn, alder, etnisk opphav eller seksuell identitet. Er arbeidslivet, skulen, idrettslaget, grannelaget og vennegjengen vorte arenaer berre for dei som passar inn i malen?
– Ein studie frå Oslomet viste at personar som er opne om psykiske helseutfordringar i ein jobbsøknad fekk 27 prosent færre innkallingar til intervju enn andre kandidatar med lik utdanning og erfaring. Ein annan studie frå same forskingsprosjekt viste at kvar tredje arbeidsgivar er usikker på om arbeidstakarar med ei funksjonsnedsetjing er ein like stor ressurs som andre.
– Meiningsfulle møteplassar er viktige for å motverke einsemd. Men du blir ikkje automatisk mindre einsam av å berre bli invitert inn i eit fellesskap. Fellesskapet må også sjå deg og akseptere deg for den du er. Årets kampanje oppmodar til å jobbe for at dei viktigaste møteplassane våre blir aktivt inkluderande og reduserer avstanden mellom oss. Det handlar både om kven vi inviterer inn og korleis vi snakkar til og om kvarandre, anten vi møtest på jobb, skulen, i nærmiljøet eller på internett.
Så langt Verdsdagen sin presentasjon av temaet.
Randi Semb er sosiolog og forskar på feltet for psykososial helse, i tillegg til å vere medlem i styret i Mental Helse Vest-Telemark. Ho tok doktorgrada si på nettopp temaet å høyre til. Eg har spurt henne om ho har nokre kommentarar til årets tema.
Ho seier:
– Det finst fleire former for å høyre til. Slik Verdsdagen presenterer det, fell nok årets tema mest inn under det vi kallar «å høyre til sosialt». Men ein kan også høyre til religion, stader, dyr, kunst og kultur, og politiske rørsler.
– For å oppleve å høyre til er det to vilkår som må vere til stades: For det første: Personen må sjølv ønskje å vere ein del av noko å identifisere seg med, noko å passe inn i. For det andre: Personen må bli møtt med anerkjenning og verdsetjing av det fellesskapet som ho ønskjer å vere ein del av.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mange unge fell utanfor utdanning og arbeidsliv. Å få dei «om bord» igjen før prosessen har nådd for langt, og avstanden til majoritetssamfunnet har vorte for stor, er eit politisk satsingsområde.
– Unge vaksne med rus- og psykisk helseproblem, som er den gruppa eg har intervjua, ønskjer det same livet som andre unge vaksne i nærmiljøet lever. For at vi skal få til det, bør det utviklast nokre «standardar» for rimeleg tilrettelegging.
Både Verdsdagens nettside og Sembs kommentarar inneheld mykje viktig tankegods. Vi må gjere møteplassane våre, anten vi snakkar om barnehagen, skulen eller arbeidslivet, dagsenteret, eldresenteret eller arbeidsmarknadsbedrifta, opnare og meir inkluderande.
Vi må kome oss vidare frå fromme ønske og store ord til tydelege og forpliktande standardar. Dersom vi kunne ta ein dugnad på dette, trur eg vi kunne kome eit langt steg vidare.
– Vi treng å høyre til. Lag plass!
Odd Volden,
medlem i Mental Helse Vest-Telemark