Vil ha nytt reinseanlegg
Næringsaktørar i Treungen meiner Nissedal kommune må vere framsynt og byggje nytt vass- og avløpsanlegg for Treungen sentrum og hytterike Gautefallheia.
I ettermiddag skal Nissedal kommunestyre på synfaring til Haukerhylmoen sør i Treungen. Der er det forslag om å byggje eit naturbasert reinseanlegg, noko naboane protesterer kraftig mot grunna frykt for lukt.
Etableringa skal erstatte reinseanlegget i Treungen sentrum, og i tillegg ta imot avløp frå hyttene på Gautefallheia, både på Nissedal-sida og Drangedal-sida. Vidare skal områda blir forsynt med vatn frå Nisser, og Treungen skal få nytt vassverk. Heile investeringa vil koste rundt 100 millionar kroner. Nissedalpolitikarane skal ha sjølve handsaminga av saka om ei veke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ta att det tapte
Fleire av dei som jobbar i næringslivet i Nissedal kommune finn det rett at også dei no kjem på banen i utbyggingssaka.
Magne Haugsjå er utbyggjar på Gautefall, i tillegg til at han leiar eit lokalt anleggsfirma i Treungen med 20 tilsette. Entreprenøren har hatt mange arbeidsoppdrag i samband med all satsinga på hyttefelt.
Kjell Asbjørn Solberg er utbyggjar på eit hyttefelt søraust for Treungen, og driv også eit anleggsfirma. Både han og Haugsjå meiner kommunen var framsynt då det blei opna for langt meir hytteutbygging for nokre år tilbake.
I ettertid har ikkje kommunen klart å fylgje opp med infrastrukturen. No er ein i ferd med å innsjå at skal hytteutbygginga halde fram, må ein ta att det tapte. Kommunen må byggje nytt vass- og avløpsanlegg. Då får innbyggjarane i Treungen og mange hyttefolk godt drikkevatn for alltid, og eit reinseanlegg for lang tid framover. Elles er Drangedal og Nissedal avhengige av kvarandre i denne saka for å få til eit godt anlegg, seier Haugsjå og Solberg.
Dei minner elles om at kommunestyret har vedteke å flytte dagens reinseanlegg på idylliske Sommarsletta ved tusenårsstaden i kommunen.
Dette kan bli denne eine sjansen kommunen får med tanke på å få vekk sentrumsanlegget, trur Haugsjå og Solberg.
Mange blir råka
Dei er ikkje så kategoriske på kvar det nye reinseanlegget bør liggje, men at det er viktig å finne ein eigna plass. Båe synest det har gått litt vel fort i svingane ved val av stad for anlegget, og at ein kunne sett meir på andre alternativ.
Som fagmann har Haugsjå vore med og bygd fleire naturbaserte reinseanlegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er veldig gode anlegg, og dei er så og seie luktfrie, fortel han.
Både Haugsjå og Solberg har full forståing for at naboane til Haukerhylmoen er redde for at det planlagde anlegget vil lukte, men trur sjølve at det ikkje kjem til å skje.
Hyttene blir mest bruka i visse periodar, og det gjev ujamt tilsig av avløp. Då er det mindre sjanse for lukt frå eit naturbasert reinseanlegg enn eit som er lukka og konvensjonelt, seier duoen.
Blir det ikkje bygd nytt reinseanlegg, kan kapasiteten gje stopp i utbygginga på ein del hyttefelt. Haugsjå og Solberg påpeikar at det vil gå ut over mykje, mellom anna anleggsfirma, avdelinga som Vest-Telemark Kraftlag har i Treungen, snikkarar, byggvarebutikken og takstolfabrikken. Vidare minner dei om at fleire og fleire hytter gjev større omsetnad og aktivitet også etter at utbyggingane er utførde.
Blir det nei til nytt reinseanlegg fryktar me på sikt at det vil gje store negative konsekvensar, avsluttar Haugsjå og Solberg.