Torgrim Otterholt får Tokke kommunes kulturpris i år.
Torgrim Otterholt får Tokke kommunes kulturpris i år.

Kulturpris til dugande drivkraft

Kulturprisen for 2009 i Tokke går til Torgrim Otterholt.

– Otterholt, rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, har vore og er framleis ein kulturarbeidar av dei store. Han har i perioden 1980-93 vore leiar i støttelaget for Lårdal Bygdemuseum. Frå 1988-95 har han vore nestleiar i styret for Lårdal Bygdemuseum, og frå 1995 blei han leiar for bygdemuseet, noko han framleis er. I 2002 blei Otterholt styreleiar for det konsoliderte Vest-Telemark Museum, ein posisjon han framleis har, grunngjev kultur- og oppvekstutvalet i Tokke tildelinga med.

Han har vore aktiv på mange felt og ikkje minst i idrettslag, skogeigarlag og reserveoffisersforbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Otterholt har vore ein viktig støttespelar og dugnadsarbeidar for museet. Like gjerne parkeringsvakt som leiar for store arrangement. Han stiller også eigne gardsreiskap til disposisjon. Han er flink til å takke folk rundt seg både verbalt og med gåver. Og han tek seg tid til å ha omsut for tilsette ved museet, held grunngjevinga fram.

Han har også hatt kommunale verv og oppgåver. Ikkje minst var han ein ivrig forkjempar for det nye kulturhuset på Dalen.

– Han har også lagt ned mykje arbeid for at den vidaregåande skulen på Dalen skal vere ein skule for bygdene i Vest-Telemark gjennom å formidle lokalhistorie og kultur. Han er eit samfunnsmenneske som bidreg på mange område og han ynskjer positiv utvikling for heile Vest-Telemark, står det og lese i grunngjevinga.

Prisen blir delt ut i Eidsborg 9. august under eit familiearrangement som museet står for, melder kulturkonsulent i Tokke, Borghild Lurås Stahl.