Fagbrev skal ikkje ekskludere rett til studiekompetanse
Bø vidaregåande skule, avdeling Seljord har kapasitet til å ta i mot elevar med fagbrev som ynskjer å skaffe seg generell studiekompetanse. Ein kan få til ei to-årig prøveordning frå hausten 2009.
Det var rektor Jon Helge Bergane frå Bø vidaregåande skule som skisserte ei slik løysing etter modell frå Rogaland då Vest-Telemarkrådet drøfta eit påbyggingsår for elevar med fagbrev. Også Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen var representert på rådsmøtet med rektor Torgrim Otterholt og Karl Torstein Hetland.
I dag mistar elevar frå yrkesfaglege liner retten til eit påbyggingsår som gjev dei generell studiekompetanse dersom dei har tatt fagbrev. Konsekvensen er at altfor mange ikkje tek fagprøva, men hoppar over til studieførebuande line etter to år på yrkesfag.
Artikkelen held fram under annonsen.
No ynskjer ein å kopiere prøveordninga Rogaland er i gang med, og som sikrar elevar med fagbrev rett til eit skuleår ekstra for å skaffe seg studiekompetanse. I Vest-Telemark har den vidaregåande skulen i Seljord kapasitet til desse elevane. Rektor Bergane meinte det ville dreie seg om 5 til 15 elevar ekstra.
Han nemnde at røynslene er at mange som kjem frå yrkesfag ikkje består eksamen på den teoretiske studieførebuande lina. Difor passer det betre for mange å ta faga som krevst for studiekompetanse stykkevis og delt, meinte Bergane.
Karl Torstein Hetland gjorde greie for deltidstilbodet den vidaregåande skulen på Dalen har skipa til som kveldskurs sidan 1980-talet. Elevane sikrar seg då studiekompetanse i løpet av to år.
Me har 6 til 10 elevar frå heile Vest-Telemark på dette vaksenopplæringskurset. Der vert det undervist i engelsk, naturfag, historie, samfunnsfag, matematikk og norsk. Men me legg det opp slik at det ikkje vert undervist i alle faga samstundes. Røynslene våre er gode, fortalde Karl Torstein Hetland.