Undersøking: Kvart fjerde vinterdekk er for dårleg
Vinterdekka på tusenvis av norske bilar vil snart vere utslitne, ifølgje ei ny undersøking. Dei mest slitne dekka finn vi på Vestlandet og Sørlandet.
Tida for å skifte til vinterdekk nærmar seg for mange, men for bileigarar i Nordland, Troms og Finnmark gjeld kravet til minimum 3 millimeter mønsterdjupn allereie frå måndag 16. oktober. Elles i landet gjeld vinterdekk på bilane frå 1. november.
Men mange vinterdekk er rett og slett for dårlege til å kunne brukast igjen, ifølgje ei undersøking frå Vianor. Dei har undersøkt totalt 26.002 dekksett og funne ut at 24 prosent av vinterdekka var i faresona.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei mest slitne dekka finn vi på Vestlandet og Sørlandet.
– Vi ser ofte at dekka i fylke og kommunar med krevjande vegforhold toppar listene på målingane våre. Derfor er det ikkje overraskande at Vestlandet har høgast del dekk i raud og gul kategori, seier Helena Wallberg, marknadssjef i Vianor Noreg.
(©NPK)