Nokre tankar frå ein tidlegare elev ved Kviteseid skule

Eg vil attende til Vest-Telemark. Samstundes vil eg at mine born ein dag skal vakse opp og føle at det høyrer til. Uansett.

Eg er ikkje mor endå, men det er ikkje alt for lenge sidan eg var eit born. Eg vaks opp i Ordal, ei lita bygd med om lag 60 innbyggjarar. Dei fire fyrste åra mine på skulen var me sju elevar i klassa på Brunkeberg oppvekstsenter. Eg minnast det var skummelt å måtte byrje i ei større klasse i Kviteseid. Det var skummelt å ikkje vite kva ein møtte. Men det gjekk bra. Livet på Kviteseid skule var veldig trygt, men verda utanfor framleis ganske så skummel. Heldigvis fekk eg med meg ei viktig lærdom heimanfrå: Prøv så får du sjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjer meg lei meg å lesa om kva som skjedde på Kviteseid skule ved framsyninga «Hjarte i alle fargar».

Eg veit ikkje kva eg trur på. Om eg i det heile trur på noko, men det tyder eigentleg ingenting. Me er vel alle samde om at det er fint å vera eit medmenneske, vise nestekjærleik. Me må lære om korleis me er forskjellige, for å kunne vera gode medmenneske. På Brunkeberg lærte eg og mine medelevar nettopp ein slik enkel og grei regel: Det du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera mot dei.

Hugs at borna dykkar ein dag skal ut i ei litt større verd. Ikkje gjer den verda skumlare enn den treng å vera.

Eg håpar dykk let borna dykkar prøve, sjå og ta eigne, medvitne val!

Eg er berre 21 år, men har budd heimanfrå i 6 år. Eg har budd i bygd og i by, og lært litt forskjellig på desse åra. No bur eg og studerer i Ås. Her samlast studentar frå heile verda. Eg har møtt mange fantastisk fine folk, med heilt forskjellig bakgrunn, legning, religion, livssyn og hudfarge. Og den største skilnaden på meg og dei, er at nokon aldri har sett elg.

Takk for at du las mi meining, eg høyrer gjerne di.

Gunhild Kvålseth