Seljord kommune brukar 4.354 kroner per innbyggjar i administrasjonskostnadar.
Seljord kommune brukar 4.354 kroner per innbyggjar i administrasjonskostnadar.

Seljord kommune billegast å drifte

Tokke kommune brukar 5.669 kroner meir enn Seljord i administrasjonsutgifter. Det syner dei offisielle Kostra-tala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Ordførar Olav Urbø i Tokke seier til VTB at han må få undersøkje kva utgifter som er bokført under administrasjonen før han kan kommentere tala.

Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking fortel at dei har lagt fylgjande definisjon til grunn for administrasjonsutgiftar:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Politisk styring og kontrollorgan

* Administrasjon

* Administrasjonslokale

* Diverse fellesutgifter

– Me opererer i denne analysen med netto driftsutgifter på dei fire funksjonane som alle er henta frå Kostra-tala som kommunane sjølve har rapportert til SSB, forklarer forskaren.

Enorm skilnad

Seljord kommune har i dag lågast utgifter til administrasjon av kommunane i Vest-Telemark. Thorstensen meiner ein skilnad på 5.669 kroner per innbyggjar til kommunal administrasjon mellom Seljord og Tokke er eit høgt tal.

– Dersom alle kommunane i regionen hadde klart å operere med eit tilsvarande nivå på administrasjonskostnadane som Seljord, ville gevinsten vorte nær 35 millionar kroner årleg. Då samanliknar eg summen til administrasjon for dagens seks kommunar, seier Thorstensen.

Små kommunar

Telemarksforsking har også rekna på kva innsparingspotensial det vil vere i høve til ein kommune på storleik med ein eventuell «Vest-Telemark-kommune» med vel 14.000 innbyggjarar. Då kjem Thorstensen fram til ei mogleg innsparing på nær 48 millionar kroner per år berre i administrasjonskostnadar inkludert utgiftene til politikarane.

– Når me ser på dei kommunale administrasjonsutgiftene på landsbasis er konklusjonen eintydig. Dei minste kommunane har klårt høgare utgifter per innbyggjar. Det er eit monaleg innsparingspotensial ved å slå saman små kommunar, seier forskar Audun Thorstensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB prøvde å få ein kommentar frå rådmann Per Dehli i Seljord og rådmann Therese Hauger i Tokke, men båe var opptekne i møte.