Qmatec Drilling AS i Åmot må lette på arbeidsstaben – for ei stund.
Qmatec Drilling AS i Åmot må lette på arbeidsstaben – for ei stund.

17 tilsette blir permitterte

Eit brot i sluttforhandlingane om tre rigg-leveringar har sett Qmatec Drilling AS i Vinje i ei knipe.

Heile 17 av 30 tilsette i Åmot blir råka. Dei fyrste går ut i permisjon 10. november.

– Me vil ha dei ute så kort tid som mogleg. I permitteringsvarslinga står det tre månader, men me håpar det blir mindre enn det. Det er ingenting i vegen med marknaden til kundane våre. Me ser på dette som kortvarig, seier Egil Jøsendal, dagleg leiar i Qmatec Drilling As.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange tek det tungt

I Qmatec sine lokale i Åmot var det dyster stemning i går.

– Dette er ikkje overraskande. Me mista vel nokre riggar. Dei som skulle ha dei høyrdest så sikre ut, men så blei det ikkje noko. Mange tek det tungt. Ein blir gåande rundt å gruble mykje. Folk frå både kontor, service, montasje, sveising og lakkering blir råka. Det blir eit minimum att her, seier verneombod Helge Groven.

– Er Qmatec ein ustabil arbeidsplass i desse dagar?

– Det har vore bra no i fleire år. Men det har vore både opp- og nedturar i denne bedrifta. Finanskrisa var vel sist gong det blei permitteringar, seier Groven.

Men verneombodet torer å sjå positivt på framtida.

– Dette kan fort snu. Plutseleg blir det arbeid her att. Men dei tek vel ikkje inn att folk altfor fort viss det blir litt russel. Dei vil nok vera meir sikre. Nokon kjem kanskje inn att viss det blir noko smått, seier han.

Groven bekreftar at fleire av dei permitterte tenkjer på å sjå etter anna arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er nokon som pratar om det. Dei unge kan jo lea på seg, me gamle er meir stadbundne.