Ein kald og klar laurdag i november var fleire ungdomar frå juniorgruppene i DNT (Den Norske Turistforeininga) på tur i Morgedal med sju alaska-husky kvalpar.
Publisert: 04.12.2023 11:00
Sist oppdatert:
13:53
DNT Junior i Seljord og Kviteseid er ei lokal gruppe under turlaga for ungdom mellom 12 og 16 år. Dei arrangerer ulike frilufts-aktivitetar gjennom året.
– Mange tusen takk til Rangel kennel og Olav Kjetil Bang, Pablo og Antonio for ein flott og innhaldsrik vinterdag ute, skriv Mirjam Thorkildsen Schade, for turlaga.