Solli redda uavgjort
I den øvste fotballdivisjonen i Sverige i helga utlikna Jan Gunnar Solli frå Treungen til 2-2 på heimebane mot botnlaget Halmstad. Solli kom på banen etter 32 minuttars spel, og halvtimen seinare noterte han seg for sitt fyrste mål i Allsvenskan.
Stockholmlaget Hammarby rykte opp frå Superettan i fjor i ein sesong Solli skåra eitt mål. På dei elleve fyrste kampane i år har nissedølen spela to frå start og vore innbytar i fire. Hammarby har tolv poeng, og ligg på ellevteplass blant dei seksten laga.