Alle folkevalte organ, også formannskapet i Kviteseid, må fylgje kommunelova. Onsdag lukka dei døra til møtet for ålmenta utan å gjere vedtak om lukking.
Alle folkevalte organ, også formannskapet i Kviteseid, må fylgje kommunelova. Onsdag lukka dei døra til møtet for ålmenta utan å gjere vedtak om lukking.

Lukka døra på ulovleg måte

Utan at ordføraren klubba vedtak om lukking, blei tilhøyrarane sendt ut frå formannskapsmøte i Kviteseid onsdag. – Dette er ikkje i tråd med kommunelova. Vedtak om lukking skal røystast over og vedtakast, og dette skal bli gjort for opne dører, seier offentlegheitsekspert Gunnar Bodahl-Johansen.

Onsdag var formannskapet i Kviteseid samla til møte. Budsjett, dispensasjonssøknadar og søknadar til næringsfondet var blant sakene som blei handsama.

Siste sak på saklista var framlegg til budsjett 2012. Vedtaket blei klubba av ordføraren og dei frammøtte på tilhøyrarbenken blei orientert om at nå blei møtet lukka for offentlegheita.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før eit møte blir lukka, skal utvalet alltid fatte eit vedtak om lukking, jamfør kommunelova. Det gjorde ikkje formannskapet i Kviteseid onsdag. Saka stod heller ikkje på saklista.

Møteleiar, ordførar Torstein Tveito, fekk då spørsmål frå VTB om kva lovheimel han skulle lukke den komande sak eller orientering etter. Rådmannen svara paragraf 13, men skulle kome tilbake til kva ledd og kva lov han refererte til.

Møteleiaren omtala det som skulle skje bak lukka dør for ei «skjerma sak», og takka for i dag til dei frammøtte tilhøyrarane.

Gjorde ikkje vedtak

Møteboka til formannskapet 28. november 2012 ligg nå ute på kommunens heimesider. Her blir det orientert før saklista blir ført: «Møtet vart lukka, jfr § 31.4 i kommunelova, etter at alle sakene var ferdig handsama.»

Paragraf 31.4 i kommunelova seier: Eit folkevalt organ kan vedta å lukke eit møte når omsyn til personvern krev det.

Men då må altså organet vedta det med avrøysting.

Beklagar at han ikkje klubba

Ordførar Torstein Tveito kommenterer til VTB fredag at formannskapsmøtet blei lukka samstemt rundt bordet etter oppmoding frå rådmannen fordi medlemmene kjente til saka. Han beklagar at det ikkje blei klubba eit vedtak om lukking.

– Det må eg ta kritikk på, uttalar ordførar Tveito.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB lukkast ikkje å kome i kontakt med rådmann i Kviteseid, Hans Bakke, fredag.

– Ordførar eller rådmann

kan ikkje bestemme

at eit offentleg møte skal lukkast

– Eit offentleg møte kan ikkje lukkast utan at det blir gjort eit vedtak i møtet, og eit lukkingsvedtak må heimlast i kommunelovas paragraf 31. Vedtaket om lukking skal fattast for opne dører, presiserer offentlegheitsekspert Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for journalistikk.

Han opplyser også at der sak i eit møte er lukka, skal vedtaket om å lukke møtet og heimelen for det, gå fram av møteboka.

– Ordførar eller rådmann kan ikkje bestemme at eit offentleg møte skal lukkast. Vedtak om dette må treffast av formannskapet sjølv i aktuelle sak. Det går klart fram i kommunelova paragraf 31. Om det ikkje treffast eit vedtak er lukkinga eit diktat frå møteleiar, seier Bodahl-Johansen.

Ved forslag om lukking skal utvalet stemme over det. Avstemminga skal skje for opne dører. Under diskusjonen før avstemminga kan ein lukke dørene, men må opne dei att når det skal røystast.

Skal på saklista

Bodahl-Johansen presiserer også at alt eit folkevalt organ skal handsame, skal stå på sakskartet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men av og til kan det vere grunnar til at saka ikkje er klar på innkallinga når papira blir sendt ut, og saka kjem direkte opp som sak i møtet. Men om det er ei sak til handsaming eller ei orienteringssak spelar ingen rolle. Dette er saksbehandling uansett, uttaler han.

Om den aktuelle saka i Kviteseid, meiner han det skulle det stått kva saka gjaldt.

– Om ei sak ikkje er ført opp på ei sakliste til eit offentleg utval, kan det vere av den grunn at den ikkje skal skape offentleg interesse. Det ser me ofte døme på, seier Bodahl-Johansen

Ny lovheimel

Paragraf 31 A i kommunelova har klare reglar om korleis lukking av offentlege møte skal gå føre seg.

– Denne paragrafen blei laga nettopp fordi liknande saker som den omtala i Kviteseid skjer. Det er meir behageleg å berre lukke møtet, og me ser at dette gjerne skjer i saker knytt til budsjettet, seier Bodahl-Johansen.