Hus og jobb: Mette Lillegård (Ap) vil at kommunen skal vurdere gratis bustad som eit rekrutteringstiltak. Forslaget kom frå Ap og Høgre, og heile kommunestyret stilte seg bak forslaget.

Slit med rekrutteringa. Nå kan det bli aktuelt å lokke sjukepleiarar med gratis bustad

Politikarane i Tokke vil at kommunen skal vurdere å tilby sjukepleiarar på institusjon gratis bustad i eitt år.

Det var Mette Lillegård frå Arbeidarpartiet som fremja forslaget i årets siste kommunestyre. Forslaget kom på vegner av Ap og Høgre, og eit samrøystes kommunestyre stilte seg bak.

Tokke kommune har ei tid streva med å rekruttere til ein del viktige stillingar, blant desse er sjukepleiarar på institusjon. Kommunen har alt innført ulike tiltak, og tidlegare i haust gjekk debatten om kva som skal til for å rekruttere og behalde sjukepleiarane som arbeider på institusjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I arbeidet med rekrutteringstiltak skal administrasjonen vurdere tilbod om gratis leilegheit i Høydalsmo i eitt år for nytilsette sjukepleiarar på institusjon, sa Lillegård i kommunestyremøtet.

– Det talar vel eigentleg for seg sjølv. Me meiner det kan vere like attraktivt å sleppe buutgifter som andre ting, la ho til.

Nye leilegheiter: Tokke kommune har kjøpt fire av leilegheitene som blir bygd i Høydalsmo. Kanskje kommunen kan lokke til seg sjukepleiarar ved å tilby dei gratis bustad her i eitt år.