Monica og Kenneth opnar dørene til jolefeiring igjen. – Der det er hjarterom er det husrom
I 2021 og 2022 arrangerte Monica Lonebu Føreid og Kenneth Waylon S. Larsen joleeftanfeiring på Tjørullkroa. Nå ynskjer dei folk velkomne til gratis jolefeiring på Treungen gjestgiveri.
I november 2021 sytte sambuarane for at det blei mogleg å få servering på Tjørullkroa att, etter fleire år utan eit slikt tilbod. Månaden etter var dei klare med gratis mat til dei som ynskte å vere ein annan stad enn heime på joleftan. Den gongen kom det 6 personar, men då paret gjentok arrangementet eitt år etter var det 20 personar som nytta det gratis og sosiale tilbodet.
Sist mars kjøpte dei Treungen gjestgiveri for å drive vidare der, og fekk på same tid ein eigen bustad i bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Der det er hjarterom er det husrom, seier Monica.
Orda kjem fordi nå ynskjer paret velkomen til den tredje feiringa av jolekvelden på rad.
– Me gjer dette for å ha tilbod til dei som kanskje ikkje har så god råd, eller til dømes føler joleftan er tung – ein sit aleine, seier Monica.
– Å ha dette tilbodet til folk gjev oss mykje glede og moro, skyt Kenneth inn.
Joleftan skal dei servere vanleg tradisjonell ribbetallerken, kalkun og pinnekjøt. Det siste kjøpte dei på auksjon i Kyrkjebygda for eit par veker sidan, og inntekta frå pinnekjøtet skulle vidare til Nissedal omsorgssenter slik at dei kunne handle noko til glede for bebuarane.
– Og nå blir dette pinnekjøtet bruka her på joleftan, seier Monica med eit smil.
Vidare joleftan blir det riskrem, kaffi, brus og kaker på den alkoholfrie tilstellinga.
Private har til saman gjeve fleire tusen kroner til gjestgiveriet i samband med arrangementet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det set me veldig pris på, seier Monica om sponsinga.
Paret opplyser at folk som har lyst til å kome kan melde seg på arrangementet, fristen er seinast veslejoleftan.
– Her blir det nok av mat. Me satsar på ei triveleg feiring, og gler oss til gjestene kjem, avsluttar paret samde.