Syter for jolekveld, gåver, matkasser og ved
Har du lyst til å vere saman med andre joleftan i Fyresdal, er det plass på Betel i Folkestadbyen.
Fyresdal frivilligsentral, Røde Kors, bygdekvinnelaget, soknerådet og kommunen kjem med eit felles tilbod joleftan. Bygdefolk som ser føre seg ein slik dag aleine eller andre som har lyst til å vere med på eit arrangement i lag, er velkomne til mat, kaker og gåver på Betel i Folkestadbyen, eit lokale som bygdekvinnelaget eig. Det kostar ikkje noko for dei som tek turen.
Åsne Gro Sandvik, fagansvarleg psykisk helse og rus i Fyresdal kommune, budde tidlegare nokre år på Vestlandet. Der hjelpte ho Kirkens Bymisjon med å arrangere gratistilbod for folk på joleftan. Både ho og Inger Anger, tilsett i kommunen og aktiv i bygdekvinnelaget, tenkte at det kunne vore moro å ha hatt slikt tilbod i Fyresdal også. Og slik blir det – etter samarbeid frå dei fem ovannemnde om tilstellinga. Det er fyrste gong dei fem står for eit slikt joleftantilbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sju frivillige stiller
Arrangøren får god hjelp frå kjøkkentenesta på pleie- og omsorgssenteret med maten, og Telemark Kildevann syter for drikke på den alkoholfrie jolefeiringa.
Joleftan på Betel inneheld meir enn pinnekjøt, ribbe og kaker. Sponsing syter for at alle som kjem får gåve. Vidare blir det song og godt selskap. Er det behov for transport til denne feiringa, ordnar jammen arrangøren det også.
På Betel denne kvelden er det bare frivillige som står for arrangementet: Judith og Bouke Bouman, Martin Schepers, Halvor Solberg, Vidar Sandvik, Åsne Gro Sandvik og Inger Anger.
– Dei som har lyst til å vere med på feiringa må bare ta kontakt. Og det er nok av mat, inviterer arrangøren.
Stor frivillig innsats
Røde Kors i samarbeid med helsestasjonen i kommunen har for tida i gang ein joleaksjon. Merethe J. Reinskås og Arne Dag Lassemo i den lokale hjelpeorganisasjonen såg i fjor på denne tida at nokre hadde behov for ved. I år registrerer dei to at behovet er endå større, og det har resultert i joleaksjonen.
Gjensidigestiftinga har løyvd 70 000 kroner til aksjonen, medan Røde Kors bidreg med 40 000 kroner. Heile 110 000 kroner kjem til å bli bruka for å kunne dele ut 250 sekkar ved til dei som har behov for det. Det er også matkasser og gåver.
– Ingen i Fyresdal skal vere svoltne eller fryse i jola, er Reinskås og Lassemo samde om, klare for å vere med på stor frivillig innsats for å hjelpe med utdelinga.