Nødvendige endringar for å kome vidare
I samband med Arbeidstilsynet sin knusande kritikk av tri toppleiarar i Tokke kommune, har rådmannen teke ansvar og stilt stillinga si til rådvelde.
Ordførar i Tokke, Olav Urbø, sendte torsdag ut pressemelding vedkomande Arbeidstilsynet sin rapport kring arbeidsmiljøet i kommunehuset på Dalen. Rapporten kom i november i fjor, og dreia seg i fyrste rekke om leiarstil og åtferd til rådmann, personalsjef og helse- og sosialsjef. Det blei også peika på manglande rutinar i samband med HMS-arbeidet . I arbeidet med å gjennomføre pålegga i rapporten, har kommunen nytta konsulentfirmaet Agenda.
Pålegg frå Arbeidstilsynet
Innan juni 2009 måtte Tokke kommune ha gjennomført dei pålegga som Arbeidstilsynet beskriv i rapporten. Pålegga har heimel i arbeidsmiljølovens mange paragrafar, og omfattar i hovudsak tiltak for å betre samarbeid og rutinar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen har gjennom fleire år vore prega av interne konfliktar utan at ein har klart å finne varige løysingar. Ei rekke uheldige omstende har ført til at situasjonen no er så fastlåst at det er trong for endring i kommunens leiing for å kome vidare, skriv ordføraren i pressemeldinga.
Rådmannen fråtrer
Olav Bjørn Bakken er rådmann i Tokke, og han har teke ansvar og gjeve beskjed om at han stiller stillinga si til rådvelde.
Bakken fungerar som rådmann inntil vidare. Arbeidet med å lyse ut stillinga blir sett i verk umiddelbart, og stillinga blir annonsert snarast råd, kommenterer ein heller ordknapp ordførar.
I pressemeldinga kjem det også fram at rådmannen truleg vil få andre arbeidsoppgåver i kommunen.
Minnelege løysingar
Rådmannen er innstilt på å fylle andre roller i kommunens administrasjon etter nærare avtale. Når det gjeld personalsjefen og helse- og sosialsjefen, arbeider ein med å finne minnelege løysingar i nær framtid, skriv Urbø.
Kva minnelege løysingar vil seie i praksis, ynskjer ikkje ordføraren å kommentere, og pressemeldinga har eit eige punkt nettopp om dette.
Kommunen og dei tri leiarane er einige om ikkje å kommenter dei konkrete tilhøva som ligg til grunn for den løysinga som er valt, utover det som er sagt i denne pressemelding, står det å lese.
Ein kan vel kanskje spekulere i kva minnelege løysingar betyr, men at det kan vere snakk om pengar og eventuelle omorganiseringar er nærliggjande å tru. I så fall er det interessant i høve til det siste viktige punktet i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen er oppteken av at det vidare arbeidet med å finne gode løysingar må gjevast høg prioritet etter som ein også står føre innsparingar i kommunens driftsutgifter i åra som kjem. Dette krev ein samstemt og handlekraftig organisasjon utan store indre konfliktar, skriv ordføraren til slutt.
Held meg til pressemeldinga
VTB var i kontakt med hovudtillitsvald Sølvi Vistad for å få ein kommentar, men ho ynskte ikkje å seie noko utover det som ordføraren skreiv i pressemeldinga.
No har eg ferie, og sjølv om eg har lese pressemeldinga ynskjer eg ikkje å kommentere det som Olav Urbø har skrive. Eg held meg til pressemeldinga, og skal noko kommenterast frå den, må det vere Urbø som eventuelt gjer det, svarar Vistad.