– Treng ekstern finansiering
Torsdag la Høgskulen i Telemark ned tradisjonsmatstudiet på Rauland. Styreleiaren er ikkje imot å oppretta eit liknande studium seinare, men seier høgskulen treng ekstern finansiering.
– Styret legg ned studiet, men me er òg klåre over at dette er eit studiefelt som har potensial, seier styreleiar på Høgskulen i Telemark (HiT), Rune Nilsen.
Nilsen ser ikkje vekk frå at høgskulen kan oppretta eit liknande studie seinare. Problemet, slik høgskulestyret ser det, er at studiet ikkje har nok fagleg tyngde. Studiet er no eit halvtårskurs på folkekunstakademiet på Rauland, som er ein del av Høgskulen i Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Studiet manglar forskingskompetanse, og det går heller ikkje inn i nokon av dei treårige utdanningane me tilbyr. For at høgskulen skal driva eit studium, må det verta drive med forsking, eller i det minste ha forskingskompetanse, seier Nilsen.
Må verta breiare
Han er open for at eit studium som byggjer på tradisjonsmat kan opprettast i framtida, men det må byggjast ut til å verta eller kunne verta ein del av ei treårig bachelorutdanning, og ikkje halvtårskurs.
– Tradisjonsmatstudiet er det einaste studiet i sitt slag i landet. Det er viktig kompetanse, og det det er potensiale for småskala matproduksjon, tradisjonar og reiseliv. Men det må vera meir enn eit matkurs, seier Nilsen.
Han meiner at det finst eit rom for eit unikt studium om tradisjonsmat på Rauland, men at ein må trekkja fleire miljø saman for å byggja eit breiare studium.
– Då treng ein miljø og kompetanse om reiseliv, kultur, fysiologi, økonomi og administrasjon og så vidare. Det finst eit stort potensial for ei satsing, seier han.
Styreleiaren seier det er uaktuelt å forsøka på ei slik utviding før fusjonen med høgskulane i Buskerud og Vestfold er gjennomført.
– Me har gjeve rektor mandat om å ta med seg dette i den komande fusjonen, seier Nilsen.
– Om me skal få til ei utviding av studiet treng me ekstern finansiering. Det har vore entusiasme og applaus for Raulandsakademiet, men det har fylgd forbausande lite pengar og vilje med applausen, seier styreleiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rune Nilsen er sjølv professor på Universitetet i Bergen, og viser til sin eigen institusjon og at ein ikkje treng reisa lengre enn til Kongsberg, for å finna heilt andre tradisjonar for ekstern finansiering.
– Stønad frå næringsliv og kommunar, anten ved gjesteprofessorat, stipendiatstillingar eller driftsmidlar, er heilt vanleg andre stader. Eg meiner Vest-Telemark politisk bør diskutera sin plass i framtidas kunnskapsøkonomi. Det er heilt naudsynt for å ikkje verta parkert i utkanten. Me treng fleire hestar i spannet, seier Nilsen.
God kontakt med høgskulen
Vinje kommune har reagert på at dei ikkje har vorte tekne med i prosessen. Kommunen eig Raulandsakademiet AS, lokala høgskulen held til i, og meiner nedlegging vil råka drifta. Då studiet vart oppretta, var det med stønad frå Innovasjon Noreg og med mellom anna næringspolitiske føremål. Sidan 2005 har høgskulen finansiert det sjølv.
Ordførar i Vinje, Arne Vinje (SV), seier dei ikkje ventar å ha noko med dei interne prosessane på høgskulen å gjera, men at om høgskulen etterlyser noko slags samarbeid eller midlar, må dei ta kontakt om det.
– Me har eit godt samarbeid med leiinga av Raulandsakademiet, der me eig lokala. Eg har mange gongar vitja skulen, nokre gongar jamvel med statsrådar. Men me vil gjerne ha eit tettare samarbeid med leiinga på høgskulen òg, om dei er interesserte i det, seier ordføraren.
Han kjenner seg ikkje att i at kommunen ikkje engasjerer seg i høgskulen, og seier at dei ikkje alltid vert informerte tidleg nok.
– Om dei sit og lurar på kvifor dei ikkje høyrer noko frå oss, kan det skuldast at me ikkje oppfatta at dei var ute etter noko. Det høyrest ut som det ligg til rette for at me tek ein prat med høgskulen. Og det vil me sjølvsagt, seier Vinje.
– Styreleiar Rune Nilsen, burde Vinje kommune vorte involvert litt tidlegare?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Møtepapira har lege ute på internett heile veka før styremøtet, open for kven som helst å sjå, svarer Nilsen.
Ikkje lokal institusjon
– Vedtaket var samrøystes og kjem samstundes som me held på med ein fusjon med høgskulane i Buskerud og Vestfold. Det er heilt i tråd med signala frå Kunnskapsdepartementet, og me får skryt frå statsråden, seier styreleiaren.
Han seier høgskulen gjer det bra på dei kvalitative måla som er viktige for å verta sett på som ikkje ein lokal, men ein nasjonal institusjon.
– Me vil verta større, tyngre, men med lokal tilknyting. Me ynskjer å ta godt vare på alle studiestadane våre, Rauland inkludert, og utnyttar våre lokale fortrinn. For å gjera det treng me at det vert gjort forsking. Tradisjonsmatstudiet har vorte drive med entusiasme, men det fell utanfor mandatet frå departementet, fortel Nilsen.