Ingen av køyretøya er køyrbare etter ulykke
Fredag ettermiddag har det vore ei trafikkulykke på Øyfjellvegen. Politiet melder at ulykka ikkje framstår som alvorleg.
Oppdatert 16.25: Politiet opplyser at den eine av førarane er ein lokal mann i 20-åra som har status som mistenkt. Førarkortet er ikkje beslaglagt. Føraren av den andre bilen er ein utanlandsk mann i 50-åra. Politiet avsluttar på staden.
Oppdatert 15.38: – Ulykka på Øyfjellvegen framstår ikkje som alvorleg. Øvrig trafikk blir dirigert forbi. Begge køyretøya må bli taua vekk, skriv politiet, og varslar at dei nå vil undersøke kva som er årsaka til ulykka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet melde om ulykka mellom to køyretøy klokka 15.05. Ifylgje meldaren skal ingen av køyretøya vera køyrbare etter samanstøyten.
Trafikkulykka skal ha skjedd på Øyfjellvegen i nærleiken av Sandviki, skriv politiet på X/Twitter.
Det kjem ikkje fram noko informasjon om skadeomfanget på dei som har vore involverte i ulykka.