Eit måleri av Tellev Øverland og tusenvis av bøker skal ut av kommunehuset og inn i Kyrkjestoga. Frank E. Lien og Egil J. Tveit i historielaget er snart klare til å ta imot den store samlinga.
Eit måleri av Tellev Øverland og tusenvis av bøker skal ut av kommunehuset og inn i Kyrkjestoga. Frank E. Lien og Egil J. Tveit i historielaget er snart klare til å ta imot den store samlinga.

Fekk klubbhus og 5.000 bøker

Nissedal historielag pussar opp og får halde til i Kyrkjestoga framover. Der vil laget mellom anna ha ei kjempesamling av bøker som Tellev Øverland testamenterte til kommunen.

I 1865 blei ein del av den gamle kyrkja på Tveit i Treungen flytta til området ved Treungen kyrkje. Bygget blei kalla Kyrkjestoga, og er «gamalt som alle haugar».

I staden for at bygget stod tomt og bare forfall, kontakta Frank E. Lien kyrkjekontoret om historielaget kunne få disponere Kyrkjestoga. Svaret blei ja og no er laget i full gang med å pusse opp det som skal bli eige lagshus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er rydda mykje i bygget og ein har fått lagt inn straum. Vidare har ein vegg blitt riven for å få større lokale, taket er fora ned og det er måla.

Historieprat

– Me gjer oppussinga på billigaste måte og har mellom anna hjelp av ein dyktig dugnadsarbeidar. Me har ikkje fått fem flate øre frå kommunen, men brukar pengar frå historielaget. Dessutan fekk me 1.000 kroner av ein anonym tømrar i Heimdal, smiler Frank E. Lien og Egil J. Tveit frå historielaget.

Dei legg til at om nokon vil stø ved til dømes å gje møblar ein kan ha i lokalet, er det bare å ta kontakt.

– No er det bare å få pussa opp så mykje at me kan vere her. Og kanskje må me flytte inngangen som i dag er ut mot vegen. Me kan få mykje koseleg kultur i dette bygget, og me må nok rekne med at det blir mykje historieprat i Kyrkjestoga framover, seier Lien og Tveit.

Systematisere

I si tid bytte Torleiv Øverland førenamnet sitt til Tellev. Han var frå Øverland like utanfor Treungen, og var nissedøl i alle sine leveår som var frå 1891 til 1968. Tellev testamenterte dei 5.000 bøkene sine til folkeboksamlinga i Nissedal kommune.

No skal ikkje bøkene lenger ha opphaldsplass i eit kjellarrom i kommunehuset. Historielaget har sagt ja til å ha den store boksamlinga i Kyrkjestoga. Det er svært sjeldan det er applaus i Nissedal kommunestyre, men politikarane valte å gjere eit unnatak då dei fekk høyre om ansvaret som historielaget vil ta.

Boksamlinga inneheld svært mange tema frå ulike forfattarar.

– Bøkene har ikkje antikvarisk verdi, men det er spesielt når ein får ei heil boksamling som dette. Her er omtrent alt av tema, og det er mange tidsskrift, seier Lien, og viser eit døme: «Årsmelding Norges Skytterstyre 1926».

Artikkelen held fram under annonsen.

Historielaget har plan om å systematisere samlinga, etter at kommunen har frakta ho ut til Kyrkjestoga.

– Det er fleire tonn med bøker. Lærdomen er tung, humrar den svært så gira historikaren Frank E. Lien. Han er ikkje så borte vekk, Egil J. Tveit heller må du tru.