Forlenga søknadsfristen – håpar på fleire søkarar
Før jol vart det bestemt at Tokke kommune opprettar ei stilling som landbruksvikar. Nå har dei forlenga søknadsfristen.
Den opphavlege stillinga, som er 50 prosent og fast, hadde søknadsfrist 4. februar. Nå er fristen forlenga til 25. februar.
– Me forlenga fristen i håp om å få inn fleire kvalifiserte søkarar, opplyser kommunalsjef for plan og næring i Tokke kommune, Knut Erik Paulsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart sett av 600 000 kroner i budsjettet til stillinga. Det er få andre kommunar i Noreg som har eigen landbruksvikar, men i nabokommunen Vinje har dei hatt kommunal landbruksvikar i fleire år.
Då landbruksrådgjevar, Gunhild Breiland, presenterte forslaget for politikarane i haust, orienterte ho om bakgrunnen for forslaget:
Både leiaren i Telemark Bondelag, Trude Flatland, og leiaren i Vinje og Tokke Bondelag, Bernt Olav Kringlegarden, stilte seg positive til forslaget.
– Det er stort fokus på psykisk helse i landbruket, og ein landbruksvikar kan gje bonden ein pust i bakken når det trengst. Til dømes ved sjukdom, sa Kringlegarden.