– For å styrkje næringsutviklinga trengst eit felleslyft kring det lokale. Den aller viktigaste økonomiske suksessfaktoren er sjølvkjensla, seier sosialantropolog Dag Jørund Lønning i Kviteseid.
– For å styrkje næringsutviklinga trengst eit felleslyft kring det lokale. Den aller viktigaste økonomiske suksessfaktoren er sjølvkjensla, seier sosialantropolog Dag Jørund Lønning i Kviteseid.

– Sjølvkjensla viktigaste økomomiske suksessfaktoren

Bygdekulturen har dei siste tretti åra blitt nedvurdert og stigmatisert. No er trenden i ferd med å snu. Det meiner bygdeforskaren Dag Jørund Lønning. Utfordringa no blir å få bygdefolk til å bli klar over verdien av den kunnskapen dei har.

– Etter lang tid med meir og meir standardisering er pendelen no i ferd med å svinge tilbake. Fleire og fleire søkjer etter det som er annleis. Då er det håp for bygdene, meiner Lønning.

Forskingsprogrammet han er leiar for har utgangspunkt i globaliseringa og dei nye sosiale, kulturelle og økonomiske utfordringane denne fører med seg for bygde-Noreg. Det skal forskast på kva kulturøkomomien kan gje av nye potensial for natur- og kulturbasert næringsutvikling i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturøkonomi og merkevarebygging

– Kulturøkonomi er eit ganske nytt omgrep som fangar opp trongen for lokal kunnskap og identitet. Det er ein tosidig prosess, på den eine sida skal det skapa nye næringar, men det har òg ein kulturell dimensjon. Menneska no er i ferd med å miste tilknytinga til staden, difor blir det viktig å finne nye lokale merkesteinar som folk kan identifisere seg med, seier Lønning.

Merkevarebygging er stikkord her. Dersom eit suksessrikt produkt blir marknadsført som til dømes «Ekte Fyresdal», blir det skapt ein positiv assosiasjon til namnet Fyresdal, noko som igjen opnar for andre produkt.

– Den mest spennande sida ved slik merkevarebygging er kanskje å byggje opp sjølvkjensla hjå innbyggjarane. Det handlar altså ikkje om rein kapitalisme, smiler forskaren. Han meiner likevel sjølvkjensla er den viktigaste økonomiske suksessfaktoren.

Styrkje sjølvkjensla

Og sjølvkjensla har det kanskje vore så som så med.

– Ein høyrer sjeldan om bygdene som noko verdifullt. Men undersøkingar syner at folk i bygdene trivst og klarar seg bra økonomisk. Ungdommen er bra, om ikkje betre, opplyste enn ungdom i byane. Forskinga hittil har konsentrert seg om det negative, slik som fråflytting. Alle dei som flyttar til er ignorerte, påstår han.

Det tradisjonelle bondesamfunnet er forlengst avløyst av industrisamfunnet. I industrisamfunnet vart den tradisjonelle bygdekulturen nedvurdert, kunnskapen til småbrukaren, til dømes, hadde liten verdi. I det postmoderne samfunnet me no er i ferd med å gå inn i, kan den gamle bondekulturen gjenoppstå i ny ham. Dei som buset seg på småbruk i dag gjer det ikkje av naud eller for å skaffe seg levebrød, men fordi dei har lyst. Då står plutseleg kunnskapen til småbrukaren i front. Spørsmålet blir då korleis ein kan nytte seg av dette. Det er noko forskingsprosjektet skal prøve å gje svar på.

Lokal kultur og identitet

Dei kunnskapane og ressursane som kulturøkonomien etterspør kan ein finne både innanfor mat, språk, kunst og handverk, musikk, mytologi, folklore, litteratur, landskap, natur og fauna. Forskingsprogrammet skal knytte nære kontaktar med offentlege organ og næringsliv i Telemark, og eit nettverk med representantar frå dei tre involverte kommunane, Vinje, Hjartdal og Fyresdal har alt kome i stand.

– Me gler oss veldig til å starte forskinga, og eg oppmodar folk til å ta kontakt og koma med innspel, seier Lønning.