AiR blir nasjonalt kompetansesenter
Ein samla sosialkomité på stortinget bed regjeringa syte for at Attføringssenter i Rauland (AiR) får status som nasjonalt kompetansesenter innan arbeidsretta rehabilitering. Komitéen kjem med svært klare utsegner i høve til den vidare utviklinga av AiR. Me tolkar merknadane som ein honnør til det systematiske arbeidet som er lagt ned i organisasjonen vår gjennom ei årrekkje, uttalar direktør ved AiR, Svein Kostveit.
Attføringssenteret i Rauland er stolte og glade for dei lovorda som ligg i merknadane frå ein samla sosialkomité. Me tolkar merknadane som ein honnør til det systematiske arbeidet som er lagt ned i organisasjonen vår gjennom ei årrekkje, seier Svein Kostveit, direktør ved AiR.
Torsdag gav Sosialkomitéen innstillinga si til statsbudsjettet for 2004. Der kjem dei med klare utsegner i høve til vidare utvikling av AiR og bed regjeringa syte for etablering av AiR som eit nasjonalt kompetanse- og utviklingssenter innan arbeidsretta rehabilitering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette gjev oss moglegheit til å vidareutvikla Attføringssenteret som ei drivkraft innan dette fagfeltet. Saman med nettverket vårt i Rikstrygdeverket, Helse Sør og tunge forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen er me no klare til å ta fatt på nye oppgåver. Dette er ei styrking av posisjonen vår og gjev oss auka armslag. Det vil gje fleire arbeidsplassar til Rauland, seier Kostveit.
Meir robust no
Ved førre budsjett var ikkje regjeringspartia med på å støtte AiR som kompetansesenter.
Saka er mykje meir robust no som alle partia er samla. Det er nesten oppsiktsvekkjande at regjeringspartia er med, men svært positivt, uttalar Kostveit.
Ordlyden var heller ikkje like klår i innstillinga til fjorårets budsjett. Då heitte det: «Flertallet ber om at Regjeringen legger til rette for at Attføringssenteret i Rauland videreutvikles til kompetansesenter innenfor yrkesrettet rehabilitering». No er saka lyfta opp til å ha ordlyden nasjonalt kompetansesenter.
Det gjer at AiR er unikt i nasjonal samanheng. Miljøet i Rauland er ein fagleg front. Eg synest det er artig at eit lite lokalsamfunn kan etablere og utvikle eit fagmiljø med ein slik posisjon. Det viser at det gjeng an også på små plassar, seier Kostveit.
Positiv til samarbeid
Svein Kostveit er også positiv til at stortinget ber regjeringa sørgje for at handsaminga av søknaden skjer i samarbeid mellom Helsedepartementet og Sosialdepartementet.
VTB fekk ikkje tak i leiaren i sosialkomitéen, John Alvheim, fredag, men då han vitja AiR i august i år sa han at han hadde tru på tilbodet AiR gjev brukarane sine.
Det er oppsiktsvekkjande at heile 81 prosent av dei som har hatt eit opphald ved AiR kjem seg tilbake i ei eller anna form for yrkesaktivt liv, sa Alvheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå 1. januar er AiR forankra i Helse Sør. Kostveit seier dei har hatt full tilslutning og oppbakking frå konsernleiinga i helseføretaket.
Attføringssenteret i Rauland
* Blei opna i 1986
* Har plass til om lag 50 brukarar
* AiR jobbar med medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring der målet er å hjelpe brukarane til ein betre funksjon slik at dei kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna.
*AiR prøvar å sjå mennesket i eit heilskapsperspektiv; det fysiske, psykiske, sosiale og eksistensielle.
* Opphalda varer i fire veker. Brukarane blir tekne inn i grupper på 16-17. Gruppene er blanda med omsyn til diagnosar.
* Kvar gruppe blir tilknytt lege, attføringskonsulent, sjukepleiar, fysioterapeut og idrettsinstruktør.
* Daglege treningsaktivitetar, undervisning, gruppesamtaler og individuelle samtaler med dei ulike fagpersonane i temaet.
Artikkelen held fram under annonsen.