Vil ha samferdselsreform
Stortingspolitikar Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) føreslår ei samferdselsreform for å få nok pengar til å rette på ein katastrofal vegstandard i Vest-Telemark. Me har hatt reformer innafor mange område opp gjennom åra. Nå treng me ei samferdselsreform. Det løyser ut fleire pengar. Det er på tide at Stortinget legg hovudvekt på vegsektoren framover. Vedlikehald bør ha fyrsteprioritet, seier Oppebøen Hansen. Telemark Senterparti sin toppkandidat ved fylkesvalet, Lars Bjaadal, oppmodar om tverrpolitisk kamp i Telemark mot at svært mykje vegmidlar er tenkt til Oslo-området i mange år framover.
Nissedølen Sigvald Oppebøen Hansen er inne i det tiande året sitt som stortingsrepresentant frå Telemark. I denne perioden sit han i kommunalkomitéen. VTB har tatt ein sommarprat med den sentrale politikaren for å høyre kva som må til for å få vegmidlar til å rette på dei elendige vegane i Vest-Telemark.
Vegstandarden i Vest-Telemark er katastrofal og har aldri vore så ille som nå. Alle dei åra eg har vore på Stortinget har saka blitt gjenteke. Me kom eit stykke på veg då det blei dokumentert i Nasjonal transportplan at Telemark har dei dårlegaste vegane i landet. Eg trudde Vegdirektoratet og samferdselsministeren tok det inn over seg. Men så langt betyr det ikkje noko det Stortinget har vedteke. Vidare er det eit paradoks at når tunnelen Gvammen-Århus kom inn i Nasjonal transportplan, så kjem Vegdirektoratet med nytt planforslag der prosjektet er ute, seier Oppebøen Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lettare å få pengar i nord
Han er skuffa, ikkje minst når han tenkjer på den høge profilen regjeringspartia hadde heile tida Ap styrde.
Ap kunne spytta inn vegmidlar då dei styrde?
Det blei gjort, men eg slår meg ikkje på brystet og seier det var godt nok, svarar Oppebøen Hansen.
Han meiner siste årsbudsjetta viser at Regjeringa salderer samferdselsbudsjettet for å gje rom til meir skattelette. Han erfarer den tunge og vanskelege prosessen med å endre innafor budsjettrammene.
Skal ein få fleire pengar til vegane i Telemark, må ein ta frå andre fylke. Det er ein ganske håplaus prosess, seier stortingsrepresentanten.
Det som bekymrar meg mest er at det kan sjå ut som at det er lettare å få midlar til store og tunge prosjekt oppe i nord, enn å få auka midlar særleg til vegvedlikehald. Det er vel og bra at folk får fastlandsamband, men det går ei grense, held han fram.
Ganske frustrerande
Oppebøen Hansen vedkjenner at samferdsel er eit område ein på mange måtar har mista politisk styring på. Liberalisering og marknadsføring rår for fullt. Dødsfall- og ulykkesrater gjer at mange prosjekt tvingar seg fram sjølv.
Det er viktig, men må kome i tillegg slik at distrikta ikkje må blø. Elles forstår eg at folk er frustrerte over stortingsrepresentantane i vegsaka, men sanninga er at midlane er låst før dei kjem til Stortinget, seier Oppebøen Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner det er veldig viktig at Telemark står samla i høyringsrunden om ny Nasjonal transportplan. Men same kva plan som blir endeleg vedteke, fryktar han at det blir eit papirarbeid som ikkje blir fylgd opp i budsjetta på Stortinget.
Det må vere ganske frustrerande både for dei som brukar vegnettet og dei som skal halde vegane i stand med for lite pengar. Me har hatt mange reformer opp gjennom åra. Nå treng me ei samferdselsreform, og det vil eg føreslå i Stortinget. Det er på tide å leggje hovudvekt på vegsektoren framover. Vedlikehald bør ha fyrsteprioritet. Ved å vedta ei reform betyr det satsingsområde som løyser ut fleire midlar, erfarer stortingsrepresentanten.