Vinjeordførar Arne Vinje (t.v.) opna nybygget ved AiR og var saman med direktør ved AiR, Svein Kostveit, og styreformann Lars Aage Eilertsen fornøgd med låven.
Vinjeordførar Arne Vinje (t.v.) opna nybygget ved AiR og var saman med direktør ved AiR, Svein Kostveit, og styreformann Lars Aage Eilertsen fornøgd med låven.

Låve synleggjer kompetansesenter

Vinjeordførar Arne Vinje fekk æra av å opne Kunnskapslåven ved Attføringssenteret i Rauland (AiR). Nybygget er ei synleggjering av at ein samla sosialkomité på Stortinget gjekk inn for AiR som nasjonalt kompetansesenter før jol.

– Attføringssenteret er eit symbol på det me er mest stolte av i Vinje. Senteret er eit teikn på kvalitet. Det er dei menneskelege ressursane som gjer at AiR no er lyfta fram rikspolitisk, sa Vinje-ordførar Arne Vinje då han opna Kunnskapslåven ved AiR tysdag.

– Det er eit privilegium å kunne opne nybygget. Jamvel ein vinbyggje må medgje at det er fint på Rauland, sa Arne Vinje under opningstala.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nybygget har kosta i underkant av tri millionar kroner og er på i alt 200 rutemeter. I fyrste etasje er det verkstad for brukarane, der dei kan halde på med ulike fritidsaktivitetar. Det vil også bli betre tilhøve for besøkjande som vil lære av senteret. Med det nye bygget er det også frigjort areal i hovudbygget, som kan bli bruka til mellom anna bibliotek og kontor.

Trakk fram handverkarane

Det var ein stolt styreformann i AiR, Leif Aage Eilertsen, som leia opninga. Han fortalte om historia bak bygget. Låven blei kjøpt og henta frå ein gard i Vinje og er frå midten av 1800-talet. Det var dåverande direktør ved senteret, Tore Straume, som kjøpte låven som no har fått sin renessanse i Rauland.

– Me visste ikkje heilt kva me gjorde då me kjøpte den, men det var ein unik sjanse og me måtte ta han. Det er lettare å få tilgiving enn tillating, fortalde Straume.

Tilgivinga kom i ettertid då styret svara at synda ville vore større om ein ikkje hadde kjøpt bygget.

– Kombinasjonen mellom estetikk og funksjonalitet er glimrande. Me er veldig fornøgde med bygget, seier direktør ved AiR, Svein Kostveit, og Lars Aage Eilertsen til VTB.

Dei to trakk fram handverkarane Gunnar A. Haugen, Eivind Huso og Jarand Vaagen, og gav dei kvar sin blom som takk for arbeidet dei har lagt ned.

– Me har spart eit sjusifra beløp på jobben dei har gjort, kytte Eilertsen.

Både han og Kostveit er stolte av det nye bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– AiR har ei nasjonal tyding. Me har hatt det lenge, men no er me meir og meir synleg. Nybygget er ei synleggjering av utviklinga ved senteret. Bygget betrar forholda både for dei tilsette og ikkje minst brukarane. Med dette nye bygget får me betre tilhøve til å ta imot gjester som vil høyre og lære. Det vil vere kompetanseformidling her, fortel dei to.

Fire til sju nye årsverk

AiR som nasjonalt kompetansesenter er eit lyft for både bygda og Vinje kommune. Svein Kostveit meiner det er for tidleg å fastslå kva statusen som nasjonalt kompetansesenter vil seie for arbeidsstokken, men lovar at det blir ei utvikling i positiv retning.

– Det er for tidleg å vere konkret. Men det blir fleire og ikkje færre arbeidsplassar, noko som ikkje er sjølvsagt i dag, seier Kostveit.

Lars Aage Eilertsen er noko meir konkret.

– I løpet av eitt til to år håpar med på fire til sju nye årsverk, seier Eilertsen.

I dag er det rundt 40 årsverk ved AiR, noko som gjer senteret til den nest største arbeidsplassen i Vinje, etter kommunen.

Tysdag kjem sosialminister Ingjerd Schou på besøk til AiR.