Formannskapet løyvde 75 000 til næringsutvikling. – Håpa at å sikre framtidige arbeidsplassar og inntekter til Seljord kommune, var nettopp det disposisjonsfondet skulle bli bruka til
Formannskapet i Seljord vedtok å gje 75 000 kroner i stønad til Kongehella AS for å etablere eit kontorfellesskap i Flatdal. – Det er synd at politikarane i formannskapet meiner Seljord ikkje har midlar til heilt å følgje opp dei gode intensjonane, kommenterer dagleg leiar i Kongehella AS, Audun Minnesjord Solheim.
Selskapet Kongehella AS ved Audun Minnesjord Solheim, Håkon Minnesjord Solheim, Ingjerd Jevnaker Straand og Ingrid Lønn søker Seljord kommune om 750 000 kroner for å etablere eit kontorfellesskap ved Brendehaugkyrkja i Flatdal, slik VTB tidlegare har omtala. Søkarane seier dei vil bygge opp under det positive engasjementet, og bruke dei lokale ressursane som finst i Flatdal. Dei seier at det mellom anna alt finst delte kontorlokale i Seljord sentrum, men Flatdal har ikkje eit slikt tilbod og at dei difor ynskjer å skape dette.
Selskapet ser føre seg å bygge om og på Brendehaugkyrkja for å skape moderne og tidsretta lokale og ein arena for 8-12 arbeidsplassar, der halvparten av desse vil vere nye arbeidsplassar og resterande eksisterande som «flyttar heim» til eit fellesskap. I tillegg til eigeninnsats av eigarane av Kongehella AS, ser dei føre seg ein byggekostnad på 4,2 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då formannskapet handsama søknaden var innstillinga frå kommunedirektøren at kommunen meiner det er eit svært godt føremål, og kom med ei innstilling om å gje Kongehella eit tilskot på 75 000 kroner.
Ville auke summen
Beate Marie Dahl Eide (Sp) sa i formannskapet at dette var ei utruleg positiv sak, og peika på at det skjer mykje bra utvikling i Flatdal.
– At me kan bruke eit bygg med kulturhistorie og som skil seg ut er veldig positivt. Eg ynskjer at me skal støtte Kongehella AS med høgare sum, sa ho og kom med framlegg om å auke tilskotet til 200 000 kroner.
– Det er positivt at Kongehella vil satse, og at etablering av kontorfellesskap skjer i fleire delar av kommunen, uttala Trond Johnsen (Ap).
Han meinte næringsfondet ikkje er veldig stort, og minna om at det er tidleg på året og det truleg vil kome fleire gode søknadar seinare, så det difor er uheldig å bruke så mykje midlar tidleg på året.
– Det er lite på næringsfondkontoen, og skal ein brenne av alt i mai, er det lite att. Men er det andre kontoar me kan plukke pengar frå? så er eg positiv til det. Har me ein hemmeleg konto?, undra Mogens Hougaard Iversen (Frp) med eit smil og retta blikket på kommunedirektøren som rista på hovudet.
Foreslo å finne pengane
Dahl Eide sa at kommunen også har disposisjonsfondet, med meir pengar enn kommunen har hatt tilgjengeleg tidlegare.
– Eg håpar formannskapet vil bli med og gje litt ekstra til dette, sa Dahl Eide.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er veldig glade for at folk vil skape arbeidsplassar andre stadar enn i kommunesenteret, og dette er eit veldig godt initiativ, uttala varaordførar Carina Thorvaldsen (Frp) men meinte det ville vere feil å auke summen og hente han frå disposisjonsfondet.
– Bruk av disposisjonsfondet skal me vere veldig forsiktige med, det er sparekontoen vår og den me har viss det blir dårlege tider, sa ho.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen stadfesta at ingen fleire ynskte ordet og sette kommunedirektørens framlegg opp mot endringsframlegget frå Senterpartiet. Avrøystinga viste 6–1, og formannskapet løyvde difor 75 000 kroner til Kongehella AS.
Midlane blir henta frå næringsfond/kraftfond der saldoen per 1. mai var på 302 000 kroner.
Synd at dei ikkje hadde midlar
Etter vedtaket var fatta i formannskapet uttala dagleg leiar i Kongehella AS, Audun Minnesjord Solheim, at dei er veldig glade for at kommunen er positive.
– Men det er synd at politikarane i formannskapet meiner Seljord ikkje har midlar til heilt å følgje opp dei gode intensjonane. Me hadde håpa og trudd at ei så stor sak, med potensial for mange arbeidsplassar, skulle bli behandla av kommunestyret, ikkje bare bli avgjort av formannskapet, seier han.
Minnesjord Solheim meiner dette er eit prosjekt med lite støtte per arbeidsplass som dei trudde kommunen ville sjå verdien av.
– Me skal prøve å få til dette uansett, men må sjå korleis me skal løyse den manglande finansieringa, om me kanskje må skalere ned talet på arbeidsplassar for i det heile tatt klare å realisere prosjektet. Me hadde håpa at å sikre framtidige arbeidsplassar og inntekter til Seljord kommune, var nettopp det disposisjonsfondet skulle bli bruka til, seier Minnesjord Solheim.