Kan bli fyrste norske ektepar til topps
Tone Gravir og Leif Harald Bergseth skal realisere nok ein toppdraum: Mount Everest.
Sundag letta eit fly frå Gardermoen. Om bord sat fjågesundingen Tone Gravir og ektemannen Leif Harald Bergseth frå Porsgrunn. Dei la i veg på nok ein topptur, denne gongen med verdas høgaste fjell, Mount Everest, som mål.
Saman med reiseleiar Ryan Waters frå Mountain Professional, som arrangerer ekspedisjonen til Mount Everest, får Tone og Leif Harald ein svenske og ein amerikanar til i reisefylgjet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ekteparet har hatt fleire toppturar saman. Den førre gjekk til Manaslu i Himalaya, 8163 meter over havet. Ved å bestige den åttende høgaste toppen i verda fekk dei teste at dei fiksa både høgda og det psykiske som er stor del av ein slik topptur.
Med å kome til topps av Manaslu 1. oktober 2012 blei Tone den andre norske kvinna som gjekk til topps gjennom tidene. Om nokre veker er målet å vere noregs fyrste ektepar til topps på Mount Everest.
Tone og Leif Harald har førebudd reisa i 2,5 år med mykje hard trening. Planen er at turen til basecamp startar skjærtorsdag, før sjølve turen opp Mount Everest er venta å ta sju veker.
– Me vil oppdatere nettsida når me har høve og det gledar oss at du fylgjer med, skriv dei på nettstaden toneogleifharald.com.