Seks av dei tolv frå Fyresdal brannvesen som har blitt lært opp til å bruke hjartestartaren, bak frå venstre Halvor Lauvrak, Arild Stiansen, Olav Torgeir Lie, Olav Torgeir Metveit og Helge Himberg. Foran er varabrannsjef Tore Metveit (t.v.) og Gunnar Berge, instruktør i Norsk luftambulanse.
Seks av dei tolv frå Fyresdal brannvesen som har blitt lært opp til å bruke hjartestartaren, bak frå venstre Halvor Lauvrak, Arild Stiansen, Olav Torgeir Lie, Olav Torgeir Metveit og Helge Himberg. Foran er varabrannsjef Tore Metveit (t.v.) og Gunnar Berge, instruktør i Norsk luftambulanse.

Brannvesen disponerer hjartestartar

Som den fyrste kommunen i Telemark disponerer brannvesenet i Fyresdal hjartestartar. Det livreddande utstyret er ei gåve frå Norsk luftambulanse og står som supplement om ambulansen i bygda er ute på andre oppdrag.

Blant 800.000 medlemmer i organisasjonen Norsk luftambulanse er det samla inn pengar til 250 hjartestartarar som nå blir plassert ut i 200 kommunar i Noreg. Fyresdal er fyrst ute blant brannvesena i fylket som får denne livreddande gåva.

– Me ynskjer å ha brannvesenet som samarbeidspartnar, sidan dei er den einaste ikkjehelsetenesta med full døgnvakt. Men det er viktig å understreke at hjartestartaren skal vere eit hjelpemiddel når ambulansen er ute på andre oppdrag, påpeikar Gunnar Berge, instruktør i Norsk luftambulanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort framsteg

– Det er ikkje kvart år jolenissen kjem til oss. Eg set pris på gåva frå Norsk luftambulanse, og det håper eg bygdefolk i Fyresdal gjer også. Å ha ein hjartestartar i brannvesenet betyr at me kan gje folk i bygda eit tilbod som varer heile døgnet, og den tida ambulansen er borte frå Fyresdal. Me skal vere eit brann- og redningsvesen og må ta slike oppgåver som livredning også. Hjartestartaren er eit stort framsteg for brannvesenet, seier Tore Metveit, varabrannsjef i Fyresdal.

– Men er ikkje dette ei statleg oppgåve å skaffe desse hjartestartarane, spør VTB.

– Klart det. Men slik verda er laga nå flaggar staten ut det meste. Når me bur som oss, i grisgrendte strøk, må me ta imot dei tilboda me kan få, svarar Metveit.

Det er sentralane til den medisinske nødmeldingstenesta som har sett opp prioritert liste over dei som bør få gåva av Norsk luftambulanse. Snart står fleire kommunar i Telemark for tur til å få gåva.

Må framleis ringje 113

Hjartestartaren er ei miniutgåve, og det er eit krav om sju timars kurs før brannmenn får bruke utstyret. Denne veka har 12 brannmenn frå Fyresdal fått gratis opplæring av Norsk luftambulanse, og blitt godkjent av kommunelegen slik at dei nå har fått klarsignal til å nytte hjartestartaren ved nødsituasjonar. Den medisinske nødmeldingstenesta i Arendal fekk torsdag beskjed om at brannvesenet i Fyresdal nå er klarert til å ha det livreddande utstyret.

– Normalt vil hjartestartaren vere stasjonert i brannbilen. Nå kan me risikere å bli tilkalla litt oftare når ambulansen er på andre oppdrag og det er behov for hjartestartar, seier Metveit.

Både Berge og Metveit presiserer at folk i nødsituasjonar framleis må ringje 113, det medisinske nødnummeret. Det er frå denne nødmeldingsbasen brannvesenet i Fyresdal skal ha melding om å rykkje ut med det nye livreddande utstyret bygda har fått i jolegåve.

Hjartestartaren

Dagens moderne hjartestartarar er enkle i bruk. I ei gjenopplivingsfase sender startaren ut straum til å sjokke hjartet i gang att og i normal leie. Ei innebygd talerøyst gjev instruksjonar undervegs. Maskina finn sjølv ut om hjartet er mottakeleg for å bli utsett for støyt. Mannskap lærer seg å bruke hjartestartaren, drive vedlikehald og syte for loggføring etter bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

For at menneske med hjartestans skal ha sjanse til å overleve må det kome hjarte-lungeredning med ein gong, slik at hjartet og hjernen får blod og oksygen. Det andre som er avgjerande er at ein hjartestartar er tilgjengeleg innan få minuttar.

Kvart år får rundt 5.000 menneske i Noreg uventa hjartestans utanfor sjukehusa. Blant dei som får behandling av hjartestartar er svært mange forsøk vellykka, melder Norsk luftambulanse.