Forbunds-diktat legg ned Vest-Telemark Skikrins!
Etter diktat frå toppleiinga i Norges Skiforbund blir Vest-Telemark Skikrins lagt ned. Det skal vera EIN skikrins i Telemark, slo generalsekretær Sverre Seeberg fast på tinget i Åmot fredag. – Dette var sterke saker å få greie på ein time før tinget, sa Halvor Lognvik, og kalla medlemmane i styret i Skiforbundet for nikkedokker. Toralf Grave sa seg og sjokkert over det Seeberg fortalde. – Eg hadde rekna med å bli valt til å halde fram som hopptrenar i kveld, og eg hadde faktisk alt sett opp ein kladd til opplegg for komande sesong, denne skal eg rive i tusen bitar og kaste i omnen når eg kjem heimatt, sa Grave.