Sommargjesten: Magni meiner kvar kommune i Vest-Telemark har flotte område å vise fram
Namn: Magni Sæther
Alder: 50
Artikkelen held fram under annonsen.
Bur: Krossli i Tokke, kjem frå Seljord
Gjer: Jobbar som lærar på Gimle skule i Fyresdal
Kva er planane denne sommaren?
Planane er små turar i området. Kanskje rundt om i Norge og ein utanlandstur.
Vil du dele eit sommarminne?
Eg hugsar veldig godt sommarferiane mine som lita hos besteforeldre i Åbø i Vinje. Der hjelpte eg til på garden Drotning og på Hyllandsfoss camping.
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
Eg blei 50 i april. Eg set så pris på både familie og venner, som var med på feiringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Ja, eg ville nok tatt ein rundtur i Vest-Telemark. Vanskeleg og velje ut ein ting. Kvar kommune i Vest-Telemark har sine flotte område og vise fram. Skal eg tenkje nært, er det vel kanskje tretoppvegen i Fyresdal, Bandaksli, Åmdals Verk gruver og Soria Moria på Dalen.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?
Hørr og høtt er artige ord.
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Eg vil sende ei sommarhelsing til alle kjente, med ynske om ein strålande sommar.