VestTelemarkrådet

- Vest-Telemarkrådet er eit regionalt samarbeidsorgan for dei seks kommunane i Vest-Telemark. Samarbeidet vart etablert i 1993, men er fyrst formalisert som §27 – samarbeid i desember 2011.

- Rådet er sett saman av dei seks ordførarane i Vest-Telemark. Ein av ordførarane blir valt som regionordførar for to år om gongen, og er eit verv som går på omgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Rådet har normalt 8–9 møte i året, og møta er opne for alle.

- Vest-Telemarktinget er det øvste organet for Vest-Telemarkrådet. Tinget har møte to gonger i året, og består av fire representantar frå kvar kommune.

Kjelde: Heimesida til VestTelemarkrådet, vt-radet.no.