Namnedag 9. mars
Sverre er eit mannsnamn som hovudsakleg vert nytta i Noreg. Namnet kjem frå norrønt språk, Sverrir, og tyder valdeleg. Ordet kan òg vera i slekt med det moderne norske verbet å svirra. Det er om lag 10 400 som har Sverre som førenamn i Noreg. Namnet var mest brukt mellom 1900 og 1915, då heile 2 % av norske gutar fekk det som førenamn. I tida etter 1920 gjekk bruken kraftig ned og flata ut på rundt 0,2 % frå om lag 1960.
Sindre er eit mannsnamn, frå det norrøne namnet Sindri, av verbet sindra, ‘gneistre'.