ny
Ber vaksne om å ha alkovett i sommar
Sommaren er den tida av året nordmenn drikk mest alkohol. – Det treng ikkje å vere fyll før det er ubehageleg for barna, meiner organisasjonen Av-og-til.
– Sommarferien er årets høgdepunkt for barna, samstundes som at dette er den tida nordmenn kjøper mest alkohol, seier kommunikasjonssjef i organisasjonen Av-og-til, Eli Marie Stavlund, i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje Av-og-til er det om lag 90.000 barn i Noreg som veks opp i ein heim med foreldre som drikk for mykje alkohol. I tillegg kjem dei som har ubehagelege opplevingar med foreldra si drikking innimellom.
Gjennom sommarferien blir det gjerne fleire drikkeanledningar enn normalt.
– Ver medviten om at fri frå jobb, seine kveldar og eventuelle utanlandsreiser aukar risikoen for at ein startar å drikke tidlegare på dagen, eller meir enn planlagt, seier Stavlund.
Ho fortel at barn merkar raskt at vaksne endrar seg når dei drikk.
– Det kan opplevast utrygt dersom foreldra endrar veremåte. Det er viktig å få fram at det ikkje treng å vere snakk om misbruk eller fyll før det blir ubehageleg for barna.
(©NPK)