Ny kafe: Oksana Tsaruk (t.v.) har erfaring frå serveringsbransjen i Ukraina og har også jobba som kokk på Straand hotell. I helga opna ho ny serveringsstad i Kviteseid saman med dottera Veronika Tsaruk (20). Målet er at dei begge skal ha dette som arbeidsplass.

Laurdag opna dei ny serveringsstad i sentrum. – Det har vore mange her

I den gamle bensinstasjonen i Kviteseid har Oksana og Veronika Tsaruk opna kafé og gatekjøkken.

– Det har vore mange her, fortel Veronika Tsaruk bak disken på den nye serveringsstaden Non-stop i Kviteseid.

Laurdag opna dei dørene, og mange har tatt turen innom dei fyrste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gatekjøkken og tradisjonell mat

På menyen er det pizza, burgarar og gatekjøkkenmat, men også tradisjonelle ukrainske rettar. Familien Tsaruk kom som flyktningar frå Ukraina til Kviteseid i 2022 og har hatt eit ynske om å tilby mat frå heimlandet.

Ukrainske rettar: VTB sin utsende prøvde seg på den ukrainske maten.

På Non-stop kan ein kjøpe kålrullar, pannekaker med kjøt og suppe med gulrot og rødbeter.

Kaffi og kaker: På kafeen har dei kaffimaskin og tilbyr ukrainske kaker. — Bakte nøtter med kondensert mjølk er typisk ukrainsk, fortel Veronika.

Dei har også baka peanøttkjeks og sel bakte nøtter.

– Dette er typisk ukrainsk, fortel Veronika om dei heimelaga bakarvarene som står på disken.

Heimelaga: — Bakte nøtter med kondensert mjølk er typisk ukrainsk, fortel Veronika.

Familien tilbyr også meir tradisjonelle gatekjøkkenrettar.

– Og burgarane her er heimelaga, fortel Oksana.

Møtestad

I enden av lokalet er det både eit spisebord og ei sofagruppe der gjester kan sette seg ned og nyte maten.

Møtestad: Det er både spisebord og sofagruppe i lokalet. Dei nye drivarane håpar det skal bli ein møtestad.

Det er også mogleg å bestille mat frå kafeen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I helga var det fleire som bestilte både burgarar og pizza for å ta med seg heim, fortel dei nye drivarane.

Dei håpar den nye serveringsstaden skal bli ein møteplass i sentrum.

Non-stop: Lokala der det tidlegare var bensinstasjon har stått tomme ei stund. I helga opna Oksana og Veronika Tsaruk dørene på nytt. Her blir det ope kvar dag frå klokka 10-22.